Hopp til innhold

«Det har vore eit ekstremt krevjande halvår»

Fem dødsulukker, tre drap, tre basehoppulukker, to klatreulukker og brann i verdas lengste vegtunnel. Politiet i Sogn har eit tøft halvår bak seg.

Ulukker og trippeldrap

KREVJANDE: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, hans medarbeidarar og andre i utrykningsetatane har hatt eit svært travelt og tøft halvår.

Foto: NRK

– Eg skal vel ikkje leggje skjul på at det siste halvåret har vore ekstremt krevjande. Vi må også ivareta den ordinære beredskapen dag ut og dag inn, samtidig som vi med dei same ressursane skal få gjennomført ei god og kvalitetsmessig god etterforsking innan rimeleg tid. Det har vore spesielt krevjande no i det siste, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Har teke mykje ressursar

Dette er saker som har skjedd over heile driftseining Sogn. Mange av sakene har vore krevjande å etterforske, både fordi omfanget er stort, men også fordi vitne eller involverte har høyrt heime andre stader og i utlandet.

– Vi har hatt både drapa på Holsbru, brannen i Gudvangatunnelen, bussulukka i Fardal og fleire dødsulukker både i Jotunheimen og i Aurland knytte til fjellklatring og basehopping, seier Løseth.

I tillegg har Sogn region også hatt mange andre trafikkulukker med dødeleg utgang, samt ein del andre alvorlege straffbare handlingar.

– Samla sett har det kravd ein betydeleg del av våre ressursar gjennom det siste halve året, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under dokumentaren)

Måndag 4. november tek ein mann livet av tre personar på Valdresekspressen. Dokumentaren fortel om den dramatiske hendinga frå første naudmelding kom inn til alarmsentralen, til Årdal-samfunnet samla seg i sorg framfor kommunehuset dagen etter.

4. NOVEMBER: Tre personar vart knivdrepne på Valdresekspressen mellom Tyin og Årdal.

Mange dødsulukker på vegane

26. april i år omkom ei 15 år gammal jente då bilen ho sat i vart knust av ei stor steinblokk på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo.

I mai omkom ein mann i 80-åra då han vart overkøyrd av sin eigen traktor på eit gardstun i Vik i Sogn.

Frå juli til september omkom tre personar i basehoppulukker i Aurland. I slutten av juli omkom ein 25 år gammal mann frå Florø etter ei ulukke ved Skjerpi.

Berre ein månad seinare miste ein 40 år gammal mann livet i ei basehoppulukke ved fjellet Fetanipa. I byrjinga av september omkom ein basehoppar i fjellområdet ved Vassbygdi i Aurlandsdalen.

5. august tok eit vogntog fyr på E16 i Gudvangatunnelen. 80 personar vart evakuerte frå den dramatiske brannen. Ingen omkom i brannen, men mange har fått seinskadar og slit med både hoste og klaustrofobi etter hendinga.

12. august kolliderte ein svensk turistbuss med ein rutebuss på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal kommune. Ei norsk og ei taiwansk kvinne omkom. Den svenske føraren av turistbussen er sikta for aktlaus køyring i saka.

Natt til 16. september tok tjuvar seg inn på XS Data i Sogningen storsenter der dei stal data- og teleutstyr for mellom 100.000 og 200.000 kroner.

6. oktober omkom ein mann i 30-åra i Vik i Sogn då han køyrde av vegen.

14. oktober omkom ein mann i 50-åra då bilen han køyrde hamna på taket på fylkesveg 55 på Hafslo.

3. november måtte politiet rykkje ut til eit væpna ran på Kaupanger, der ein mann i 50-åra vart truga, bunden og utsett for slag og spark.

Dagen etter vart tre personar knivdrepne på Valdresekspressen mellom Årdal og Tyin. Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta i saka, men har framleis ikkje lete seg avhøyre i saka.

I tillegg har politiet i Sogn avdekt ei rekkje alvorlege saker, mellom anna overgrepssaker, som har kravd mykje etterforskingskapasitet.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

65 personer er fortsatt innlagt på sykehus etter brannen i går. For 10 av dem er tilstanden alvorlig. En far og hans sju år gamle datter forteller i dag om dramatikken da de i går ble reddet ut av den 11 kilometer lange Gudvangatunnellen.

5. AUGUST: Eit vogntog tok fyr på E16 i Gudvangatunnelen.

Har strekt strikken langt

Politiet i Sogn har hatt eit halvår som på meir enn ein måte har vore mot normalt.

Det har vore langt mellom åtte til fire-dagane for polititenestemennene som har vore involverte.

– Eg trur vi kan seie at vi i haust og på ettersommaren har strekt strikken langt. Vi har hatt utfordringar knytt til å ha tilstrekkeleg mannskap tilgjengeleg når vi har hatt behov, men vi har klart det på eit vis. Eg trur vi er komne ned på beina i dei fleste sakene, så samla sett meiner eg vi har komme bra frå det. Men det har vore krevjande, seier Løseth.

Han rosar dei tilsette i etaten, og understrekar at alle har gjort sitt ytste for å få utført dei oppgåvene som har vore naudsynt.

– Eg har ein flott gjeng rundt meg som er van til å ta eit tak, som er lett å be og som tek eit tak når det trengst. Det har vi verkeleg fått bruk for no i haust, seier Løseth.

Først etterpå ein rekk å tenkje

Det spesielle det siste halvåret er at sakene har komme tett på kvarandre. Dei har knapt fått byrja på ei sak, før dei har måtte ta til med ei ny.

Sjølv for ein røynd lensmann som Løseth har det merkast.

– Når ein står midt oppe i det, så er det berre éin ting som betyr noko. Det er å få sett i gang ting og få gjort ting. Det er først etterpå ein tek til å tenkje og reflektere. Medan det gjekk føre seg som verst, så tenkte eg kanskje ikkje så mykje, seier Løseth.

Han rosar også kollegaene i Sunnfjord og Nordfjord som har trådd til og hjelpt på alle vis som dei kan.

Kvileskjera har vore få, og rom til å tenkje har det vore smått med. Men at det kjem, er Løseth viss på. Heldigvis er han velsigna med godt sovehjarte.

– Eg søv veldig godt, og det er eg glad for, seier Løseth.

Men ei sak tok nattesøvnen frå den erfarne lensmannen.

– Natta etter drapa på Holsbru, så sov eg ikkje godt, seier Løseth.

– Kva trur du det har gjort med politidistriktet i Sogn å ha opplevd eit slikt massivt trykk over eit halvt år?

– Det har vel lært oss at vi må bli endå betre på å jobbe saman som eit lag. Eg trur vi har vorte endå betre på det. Det har også lært oss at vi er avhengige av kvarandre, og at alle på kvar sin post gjer det ein skal, seier Løseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

4. NOVEMBER: Kripos bistod i etterforskinga av trippeldrapa på Valdresekspressen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Nærmar seg sluttfasen

Han trur politidistriktet har komme styrka ut av hendingane.

– Når vi får det litt på avstand, så kjem vi styrka ut av dette, trur Løseth.

– At vi har fått ei litt spesiell opphoping av saker her i Sogn siste halvåret, er nok litt tilfeldig. Dette vil gå seg til og jamne seg ut over tid, seier Løseth.

Etterforskinga av både bussulukka i Fardal, der to kvinner omkom, og brannen i Gudvangatunnelen er heilt i sluttfasen.

Også drapsetterforskinga etter trippeldrapet på Valdresekspressen er godt i gang, og det manglar ikkje så altfor mange brikker før ein kan nærme seg eit punkt der ein kan setje punktum.

Men denne type tung etterforsking gjer at andre saker kjem i bakleksa.

– Det er ein del kvardagskriminalitetssaker som vi har måtte skubbe på, og som ligg etter skjema, seier Løseth.

Tankane går til dei pårørande

Men det er ikkje berre i politietaten dei har merka at det har vore eit tøft halvår. Når ulukker råkar, hardt og brutalt, merkast det også for nærmiljøet.

Aurlandsordførar Noralv Distad har vorte prega av dei tre basehoppulukkene med dødeleg utgang, samt vogntogbrannen i verdas lengste vegtunnel.

– Det er veldig sterke og triste opplevingar. Det er veldig krevjande, og det kjem brått på. Det er krevjande fordi det er ting vi må gjere og stille opp på i forhold til kommunen. Samtidig som vi tenkjer på alle dei som er råka, både pårørande og hjelpemannskap som må rykkje ut, seier Distad.

På knappe tre månadar omkom tre basehopparar i kommunen hans. Den vakre og ville naturen som trekkjer både utanlandske og norske turistar til kommunen hans som flugepapir, er nettopp det same som trekkjer risikosøkjande basehopparar dit.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tenner lys i Årdal

PREGA: Eit lite lokalsamfunn vart hardt råka av trippeldrapet på Valdresekspressen.

Foto: Christian Blom

Har vore tunge dagar på jobb

I motsetnad til turistane, som dreg frå Aurland med minne for livet, har mange av basehopparane som har prøvd seg i dei bratte Aurlands-fjella, vorte sende heim i kiste.

– Eg er imponert over den enorme innsatsen som vert synt av dei som har det som faste oppdrag, men også frivillige som gjer ein kjempeinnsats. Det har vore mange sterke opplevingar for dei, seier Distad.

Han er klar på at det nokre dagar tyngjer å vere ordførar i ein kommune som er eit ynda mål for basehopparar, og som attpåtil har verdas lengste vegtunnel.

– Det er noko ein tenkjer på. Spesielt det siste året har eg tenkt ein del på det. Vi har mykje som er flott og positivt her i kommunen, samtidig er det krevjande. Folk skal kjenne seg trygge, og det må vi heile tida ha med oss, seier Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helikopter leitar i Aurland

SØK: I løpet av eit par månadar omkom tre personar i basehoppulykker i Aurland.

Foto: Arne v eum

Gjer noko med dei politiske vurderingane

Han legg til at denne type hendingar har påverka han også når det gjeld livet som politikar.

– Når ein sit i ein posisjon som min, og får dette tett inn på livet, og i periodar har det gåande døgnet rundt, så tenkjer ein også gjennom framtidige politiske vurderingar, seier Distad.

Distad tenkjer meir på å ha fokus på tiltak som gjer kvardagen tryggare.

– Og det gjeld anten det er snakk om tunnelsikring eller å regulere basehopping. Ein tenkjer annleis når det gjeld politiske vurderingar etter å ha opplevd noko slikt, og ein gjer også andre val i høve til kva politiske saker ein vil prioritere, seier Distad.

Vart merkte for livet

Då eit vogntog tok til å brenne i Gudvangatunnelen 5. august, frykta mange at liv kom til å gå tapt. Situasjonen var lenge kaotisk, og røykutviklinga var enorm.

Takka vere ein heroisk innsats av redningsmannskap, gjekk ingen liv tapt. Men i evalueringar i etterkant har det komme fram at svært mange av dei som var i tunnelen då det brann, slit med seinskadar i form av hoste og psykiske plager som til dømes angst og klaustrofobi.

Distad legg ikkje skjul på at den lange tunnelen av og til tek nattesøvnen frå han.

– Eg tenkte veldig mykje på det rett etter hendinga. No tenkjer eg på det av og til. Det er heilt umogleg å førestille seg korleis dei som var inne i tunnelen opplevde det. Heldigvis kom alle seg ut, og det var ein eineståande innsats frå dei som var der. Men dei som har opplevd dette er merkte for livet, seier Distad.

Han tenkjer ofte på korleis han som politikar kan leggje press på dei rette instansane slik at det vert sett av midlar til både tunnelsikring, rassikring og tiltak som er med på å gjere kvardagen tryggare.

– Det vil aldri bli hundre prosent trygt, og menneskeleg svikt kan alltid skje. Men dette med å bruke tid og krefter på å auke tryggleiken for alle, er noko eg tenkjer mykje på, seier Distad.