Hopp til innhold

To skip på grunn i same område – på to dagar

Førebels kan ingen forklare kvifor to skip på to dagar har gått på grunna i samme område utanfor Florø.

Lastebåten Ingvild på grunna

REDNING TYSDAG: Redningsskøyta «Halfdan Grieg» kjem lastebåten «Ingvild» til assistanse.

Foto: RS Halfdan Grieg

Tysdag klokka 12.28 gjekk alarmen hjå Florø radio om at den 98 meter lange lastebåten «Ingvild» på 4418 dødvekttonn hadde gått på grunn ved Stabben utanfor Florø.

Redningsskøyta «Halfdan Grieg» kom til staden. Ingen av dei om lag 15 personane om bord var skada og det var ikkje fare for båten, sjølv om den tok inn litt vatn.

Lastebåten som hadde tømmer om bord, gjekk til slutt for eiga maskin inn til Florø.

Her er båten Ingvild

Ringen viser området der «Ingvild» gjekk på grunn. «Freyja» gjekk på grunn litt lenger sør.

Ny hending

Onsdag skjedde det igjen. Klokka 13.06 fekk hovudredningssentralen melding frå kystradioen om at eit skip hadde gått på grunn ved Svartskjæret utanfor Florø.

Det var skipet «Freyja» som var i nød. Det 71 meter lange skipet gjekk utan last.

– Dei er elleve personar om bord, det er ingen personskadar og ikkje teikn til lekkasje, sa Erik Willasen ved hovudredningssentralen til NRK då.

Lastebåten Freyja gjekk på grunn utanfor Florø

REDNING ONSDAG: Eit døgn seinare måtte skipet «Freyja» ha assistanse i same område.

Foto: Truls Kleiven

Men dei to skipa gjekk på grunn i same område, og det er relativt kort avstand mellom dei to grunnstøytingane, etter det NRK får opplyst.

Hjå hovudredningssentralen kan dei ikkje forklare kvifor.

– Det er korrekt at to skip har gått på grunn i omtrent same område, seier redningsleiar Trond Bjørnøy.

Men han sit ikkje på opplysningar som kan seie om dette har ei årsak, eller om det er tilfelle ute og går.

– Vi vil ikkje spekulere i kvifor, seier Bjørnøy.

Heller ikkje kystradiooperatør Odd Hogne Langøy i Florø radio har nokon forklaring.

– Kystverket har brukt mykje midlar på å gjere leia betre. Mykje er sprengt vekk og det er godt merka. Men det skjer stadig vekk episodar der ute.

– Kor mange grunnstøytingar i området er det i året?

– Vanskeleg å seie, for alt blir ikkje rapportert. Det er ein del fritidsbåtar som går på grunn frå Gunnhildvågen og vestover. Men det er spesielt at to store skip går på grunn så tett etter kvarandre, seier Langøy.

Lastebåten, Ingvild har eit mannskap på 15, er 98 meter lang og er 4418 tonn tung. Redningsskøyta Halfdan Grieg er kom til staden for å hjelpe til.

VIDEO: Lastebåten «Ingvild» står på grunn.

Blir berga

Når det gjeld «Freyja» som gjekk på grunn onsdag, er redningsaksjonen avslutta.

– Det skjer no ein bergingsaksjon for skipet. Ein taubåt kom fram i 16-tida, fortel redningsleiar Bjørnøy.

I 19-tida låg taubåten «Stadt Sloevaag» ved akterenden av «Freyja» og forsøkte å trekke skipet av grunn.

«Freyja» skal sette baugen mot Florø etter at ho er trekt av grunnen.