Kan ikkje ferdast utandørs

Politiet går søndag kveld ut og åtvarar folk mot å ferdast utandørs.

Kolkaia i Florø sentrum under uvêret

HERJA: Slik såg Kolkaia i Florø sentrum ut etter vinden sine herjingar i kystbyen.

Foto: Eivind Nordvik Hauge
Bilde frå campingplassen i Loen

Slik ser det ut på campingplassen i Loen.

– Vi ber folk innstendig om å halde seg innandørs. Gå ikkje ut før vêret har løya, seier Per Rimmen ved politiets operasjonssentral.

- Det er livsfarleg å vere ute no, understrekar han.

Ting flyg gjennom lufta

Politiet, brannvesenet og Vegtrafikksentralen har hatt ein arbeidsdag utanom det vanlege. Overalt i Sogn og Fjordane har folk verkeleg fått merke ekstremvêret «Dagmar» på kroppen.

No oppmodar politiet på det sterkaste folk om å halde seg innandørs.

– Det er veldig mykje som flyg rundt i lufta, og tre veltar over vegane. Sjøen kastar steinar opp på vegane - det er rett og slett livsfarleg å ferdast ute, seier Rimmen.

- Ikkje legg ut på biltur no

Store delar av fylket er utan straum utover kvelden første juledag. I Bremanger har dei vore utan straum sidan klokka 18:30 søndag kveld.

Fleire stader har vinden herja, og på Kolkaia i Florø sentrum er delar av området rasert. Andre stader melder folk om stengde vegar.

– Det aller meste av vegar er no stengde. Det er ikkje lurt å leggje ut på biltur no. Vent med slikt til måndag morgon, og sjå an korleis vêret utviklar seg då, oppmodar Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

-Ser bomba ut

Delar av Nordfjordeid sentrum er sterkt prega av orkanen.

-På hjørnet mellom Fokus Bank og Den Norske Bank ligg det ein 18 fot stor plastbåt. Litt lenger borte på parkeringsplassen ligg det ein annan plasbåt. Vinden har kasta båtane på land. Elles er det masse steinar og anna som ligg strødd rundt. Det ser heilt bomba ut, fortalde Stig Oldeide klokka 00.30 natt til andre juledag. På veg oppover mot Hjelmelandsdalen er ligg det fleire tre over vegen.

Kraftleiding som har blåst ned i Stryn

Kraftleidningar har blåst ned over heile fylket. Her frå Stryn.

Fylkesmannen oppe heile natta

På statens hus i Leikanger sit det fire personar i kriseberedskap i heile natt. Ein av dei er fylkesmann Kari Hamre.

-Vi er i dialog med kommunane og passar mellom anna på at dei har tilgang til straum på sjukeheimar og andre viktige institusjonar. Når straumen går kan også dei viktige tryggleiksalarmane få problem. Dette er det viktig at kommunane har løysingar på, seier Hamre.

I Vågsøy er dei heilt utan mobildekning, men treng dei hjelp av kommunen skal dei ringje dette nummeret: 57845011

LES OGSÅ: Nesten heile fylket utan straum

OPPDATER DEG PÅ VÊRET HER

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.