Hopp til innhold

Kan ha spelt sin siste AaFK-kamp

Peter Orry Larsen frå Skavøypoll trur han kan ha spelt sin siste kamp for Ålesund søndag. Til Sunnmørsposten seier han at han ikkje har nokon dialog med klubben sin om framtida. Han avviser ikkje at han vil bli om det er klubben sitt ynskje, men seier til avisa at han held alle dører opne. Ålesundtrenar Trond Fredriksen seier at dei ynskjer å halde på spelarane dei har, men også forsterke laget.

Peter Orry Larsen
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix