Den 35 år gamle somaliaren som er etterlyst som vitne la att ei ølflaske på nattbussen til Oslo. Denne flaska har politiet beslaglagt. Etter det NRK kjenner til drakk somaliaren av ei flaske øl under bussturen frå Sogndal til Oslo natt til fredag i førre veke. Denne flaska vart med bussen tilbake, og politiet har teke hand om flaska.
Dermed kan politiet ha sikra seg fingeravtrykk og DNA- materiale til den 35 år gamle somaliaren. Politiet har også innhenta DNA prøver frå andre vitne som er avhøyrt, og har avslutta den tekniske etterforskinga på åstaden.
Resultatet av DNA-prøvene er venta i slutten av veka.
Går frå dør til dør
Samstundes held politiet fram arbeidet med å kartlegge rørslene i området frå Sogndal sentrum til Folkehøgskulen. Vitne NRK har snakka med seier at politiet verkar mest interessert i rørslene om natta.
Dei fortel også at politiet har gått frå dør til dør i området rundt husværet til somaliaren som er etterlyst. Dette husværet ligg i byggefeltet ovanfor folkehøgskulen, fem minutt unna internatet der Hedda Karterudseter vart funnen drepen. Det går ein snarveg frå folkehøgskulen og opp til dette byggefeltet. Då NRK var der tidlegare i dag var alt heilt roleg. Postkassa til 35-åringen er tydelegvis ikkje tømt på fleire dagar.
Gjekk i lag mot folkehøgskulen
NRK har også snakka med vitnet som har forklart politiet at han såg Hedda Karterudseter og den 35 år gamle somaliaren om lag 100 meter frå avkøyrsla til folkehøgskulen natt til torsdag i førre veke. Han stadfestar ovanfor NRK at han såg dei gå vidare mot folkehøgskulen. Dette vitnet seier også at han er ein kamerat av den sakna somaliaren.