Kan ha jubla for tidleg

Den iranske kvinna Maryam Bandari og støttespelarane hennar kan ha jubla for tidleg. Denne veka fortalde NRK at UNE ikkje ankar avgjerda i lagmannsretten om avslaget på asylsøknaden er ugyldig. Og at ho etter to år i kyrkjeasyl på Sandane får bli i Noreg. Seksjonssjef Iselin Ryeng-Lande i UNE seier avgjerda i lagmannsretten ikkje automatisk betyr at familien får opphald. – Vårt vedtak er ugyldig, og då skal saka tilbake til UNE for ny handsaming. Så må vi ta til etteretning det domstolen har sagt i dommen, men formelt sett så må vi handsame saka på nytt og fatte nytt vedtak, seier ho.

Maryam Bandari og John Arnljot Valør, Gloppen
Foto: Oddmund Haugen / NRK