Kan denne hjelpe for blodtrykket?

Mange vegrar seg gjerne mot å smake på gamalosten, men kan den vere til hjelp for dei med høgt blodtrykk?

Gamalost frå Vik

EFFEKT: Eit forskarteam skal no sjå nærare på effektane gamalost kan ha på blodtrykket.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogn Avis skriv laurdag at det no blir sett i gang eit seriøst forsøk på å finne ut om den tradisjonsrike osten kan nettopp det. I mai kjem eit forsøksteam til Vik for å gjere sine undersøkingar.

Den vesle bygda ved Sognefjorden har eit spesielt forhold til den ferske muggosten. Vik Meieri var ei god stund det einaste i Norge som produserte gamalost, og tradisjonane kring osten er mange her.

Mellom anna finst det ein eigen Gamalostfestival, og under fjorårets festival fekk folk høyre om dei positive helseeffektane av osten, skriv avisa. Forskar Siv Skeie som sjølv er frå Vik kunne då fortelje at dei no ønskte å sjå nærare på desse helseeffektane.

– I alle fall så finn ein i osten blodtrykksenkande peptid, nedbrytingsprodukt frå protein, som kan verka blodtrykksenkande, fortel ho til Sogn Avis.

Det er Rita Nilsen ved Universitetet for Miljø og Biovtienskap på Ås som er ansvarleg for forsøket som skal finne stad i mai. Då kjem forsøksteamet til Vik der dei mellom anna vil ta blodtrykk og blodprøver av ei rekkje testpersonar. Ei gruppe skal ete gamalost, medan ei anna skal halde seg unna den gulbrune osten.

Ulike verksemder i Vik har allereie blitt inviterte med på forsøket, og andre som har lyst kan også ta kontakt med Vik Meieri for å melde si interesse.