Hopp til innhold

Kan gå mot slutten for Sognebåten

Det kan gå mot slutten for den tradisjonsrike Sognebåten, og utbetringa av fylkesveg 60 Olden Innvik kan bli utsett.

Ekspressbåten Fjordtroll

BLIR OFRA? Sognebåten ser ut til å gå ei uviss framtid i møte.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Samferdsleavdelinga i fylket skal spare 42 millionar kroner, og føreslår å leggje ned snøggbåtruta mellom Sogndal og Bergen frå 2014.

I tillegg ønskjer ein å utsetje ferdigstillinga av utbetringsarbeidet på fylkesveg 60 skriv Bergens Tidende.

Mindre å rutte med

– Årsaka er at eit nytt inntektssystem som blir innført frå 2014, er venta å gi fylkeskommunane reduserte rammeoverføringar. Med det er også slik at våre utgifter til kollektivtransport har auka kraftig, samstundes som passasjertala går ned, seier fylkesrådmann Jan Øhlckers til avisa.

Færre reisande

Frå 2007 til 2010 er talet reisande på Sognebåten redusert frå 7500 til 7000. Øhlckers ser derimot føre seg å halde på sommarruta som med to daglege avgangar går heilt inn til Flåm.

Drifta av Sognebåten, som har røter tilbake til 1850-talet, blir neste år teken over av bergensreiarlaget Tide, etter at Fjord1 Fylkesbaatane tapte anbodet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Olden - Innvik

DREG UT? Arbeidet med å ferdigstille utbetringa av fylkesveg 60 Olden - Innvik kan bli utsett.

Foto: NRK

Vil innstille arbeidet på fv. 60

Forutan ei revurdering av framtida til snøggbåten, varslar administrasjonen i fylkeskommunen store kutt i vegvedlikehaldet, og dersom ein får politikarane med, vil det ikkje bli sett i gang utbetring av nye parsellar på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Vegen som er kåra til Norges verste står øvst på politikarane si prioriteringsliste etter Dalsfjordbru-sambandet.

grunngjev overfor avisa forslaget med at fylkeskommunen frå 2014 vil få langt mindre pengar å rutte med, på grunn av eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane.

Snøggbåten Nordfjord–Bergen–Nordfjord er ikkje på kuttlista.