Hopp til innhold

Kan gå mot nok ein katastrofesesong

Fisket i Lærdalselvi har starta dårleg også i år. Lakselus frå oppdrettsnæringa kan vere ein av grunnane.

Laksefiske i Lærdalselvi

DÅRLEG START: Lakselus kan vere ein av grunnane til den dårlege starten på laksefisket i Lærdalselvi i år. Biletet er frå fisket i 2015.

Foto: Jan Christian Jerving

Etter ein tung sesong i fjor, har laksefisket i Lærdalselvi starta dårleg også i år. Leiar Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag seier dei enno ikkje veit årsaka til det dårlege fisket.

– Det kom inn ein del fisk i starten, men dei siste to vekene har det vore litt rolegare og kome inn mindre fisk. Det har vore veldig kaldt, så det kan tyde på eit seint innsig, eller det kan vere lite fisk.

Nettavisa porten.no viser til ein e-post frå ein frustrert turist som saman med fire andre betalte 100.000 kroner for å fiske i elva i fem dagar, utan å få napp.

– No betalar folk ein del for å fiske i denne elva. Har du fått tilbakemeldingar frå nokon som er skuffa?

– Det er klart at nokon er skuffa, men dei som har fiska laks ei stund veit at fisket går opp og ned. Det kan ikkje vere toppfiske kvart år, men det er klart at det er urovekkande om vi får fleire år etter kvarandre med dårleg innsig.

Ifølgje porten.no hadde berre 55 fiskar blitt landa i elva fram til slutten av førre veke. Det er ein dårlegare start enn fjoråret som til slutt enda i ein svært dårleg sesong. Til samanlikning blei det fanga 366 laksar i 2016 på same tidspunkt.

– For tidleg å konkludere

Leiaren i elveeigarlaget peikar på både oppvekstforhold i havet, lakselus i Sognefjorden og forhold i elva som faktorar som kan påverke laksebestanden.

– Naturen som går sin gang, og det er ikkje noko vi kan gjere noko med på kort sikt, men på lang sikt går det i alle fall an å gjere noko med lusesituasjonen frå oppdrettsnæringa.

Bøe vil ikkje seie noko sikkert om resten av sesongen enno.

– Sesongen i år trendar eigentleg som fjoråret, men det er for tidleg å konkludere enno.

– Raude lys over heile linja

Pål Mugaas i Norske lakseelver seier dei ikkje har fått så mange rapportar frå laksefisket i Sogn og Fjordane enno.

– Vi ser at dei har fiska greitt i Årøy, men ikkje noko eksepsjonelt. I ein del andre elvar er ikkje fisket i gang enno. Det generelle inntrykket frå landet er at det er litt opp og ned.

– Er dette årlege svingingar eller er det andre grunnar til at fisket er dårleg nokon stadar?

– Det er alltid årlege svingingar i innsiget av villaks til elvane, men det vi har sett gjennom fleire år no er at det kjem veldig mykje lakselus frå oppdrettsnæringa i Sognefjorden. Havforskingsinstituttet har jamleg overvaking av dette, og det er raude lys over heile linja.

Mugaas meiner også at det framleis kan vere for tidleg å konkludere om korleis sesongen kjem til å bli.

– Det kan vere grunn til å vere litt bekymra, men som sagt kan det vere naturlege svingingar her. Ein kan ikkje vite før sesongen er over, men det ein veit er at det har vore raude lusetal i Sognefjorden i ei lang periode, og det er ikkje gunstig.