Hopp til innhold

Kan gå glipp av store kontraktar om ikkje utdjupinga av hamna kjem raskare

80 millionar er sett av til utdjuping av Florø hamn i andre del av Nasjonal Transportplan. Det er ikkje tidleg nok, meiner Westcon Yards.

Westcon Yard Florø

DJUPARE INNSEGLING: Westcon Yards i Florø seier dei er heilt avhengig av å få utdjupa innseglinga for å kunne konkurrera om vedlikehald på dei største riggane frå Nordsjøen.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Sjølvsagt er det ei gladmelding at ei utdjuping av hamna ligg inne i NTP, men vi treng pengar til ei utdjuping no. Ikkje om fleire år, seier leiar på verftet Westcon Yards i Florø, Mikael Johansen.

Måndag kom meldinga frå lokale politikarar frå regjerings- og samarbeidspartia om at hamnene i Florø og Kalvåg ligg inne med til saman 180 millionar i andre del av NTP.

NTP vert lagt fram i sin heilskap før påske og strekk seg frå 2018–2029.

– Heilt avgjerande

Mikael Johansen, verftsleiar Florø

MISTER OPPDRAG: Mikael Joansen er verftsleiar ved Westcon Yards i Florø.

Foto: Ahmad Dean

Westcon Yards har brukt 100 millionar på ny kai og kran, slik at dei kan utføra vedlikehald på dei største riggane som ligg i Nordsjøen. For at dei skal kunne komme inn til verftet er dei avhengig av at innseglinga vert utdjupa frå 16 meter i dag til 20 meter i framtida.

– Slik det er no kan berre eit fåtal riggar komme inn til kai hos oss. For at vi skal vera ein seriøs aktør innanfor vedlikehaldsarbeid på riggar må vi kunne ta inn dei som er i marknaden. Det er heilt avgjerande for oss, seier Johansen.

Reidar Sandal

FORTGANG: Reidar Sandal håpar Regjeringa vil snu og få pengar til Florø hamn tidlegare enn i andre del av NTP.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

Reidar Sandal har vore engasjert for Westcon til å arbeide med å få midlar til utdjuping. Han er ikkje nøgd.

– Westcon har tapt opptil fleire oppdrag på grunn av for grunn innsegling. Derfor hastar det å få dette på plass og derfor er det ikkje godt nok med eit opplegg der det kjem pengar mellom 2024 og 2030, seier Sandal.

Det er over 100 personar tilsett på verftet i Florø.

– Det er klart arbeidsplassane til folk er tryggare om ein har fleire mogelegheiter til å ta større oppdrag, seier Johansen.

Ville ha omstillingspengar

Regjeringa har delt ut omstillingspengar til bedrifter i heile landet for å halde folk i arbeid. Det var nokon av desse pengane Westcon håpa å få, slik at dei kunne fått starta utdjuping alt i inneverande år.

– Det var den opphavlege planen, så vi får sjå om det er mogelegheiter der enno. Elles får vi prøve å få forskotert pengane i NTP, seier driftsleiaren ved verftet.

Stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Frida Melvær, var blant politikarane som var med på å dele nyheita om at Florø hamn ligg inne i NTP.

– Først og fremst er vi glade for at det er inne i NTP, men vi er klar over at Westcon ønsker det før. Vi er fleire som jobbar med å få til ei raskara løysing, seier ho til NRK.

Frida Melvær

JOBBAR VIDARE: Stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Frida Melvær, håpar dei kan få på plass pengar til utdjupinga tidlegare enn i andre del av NTP.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK