NRK Meny
Normal

Endeleg har Røed fått ein diagnose - no kan nok ein sesong vere spolert

Etter snart eit år med skadeproblem, må Eivind Daniel Røed førebu seg på at også kommande sesong kan vere spolert.

Eivind Daniel Røed

SKADEMARERITT: Eivind Daniel Røed fekk store delar av fjoråret øydelagt på grunn av skade. No ser det også mørkt ut for den kommande sesongen.

Foto: Rune Sjøberg, sogndalfotball.no

– Det kan godt hende eg går glipp av heile sesongen. Uansett er eg veldig glad for at eg har fått svar på problema. No kan eg sjå framover, seier Eivind Daniel Røed til Fjordabladet.

20-åringen frå Stårheim kom til Sogndal sommaren 2009, etter at han hadde slege gjennom for Eid i 3. divisjon.

Har prøvd det meste det siste året

Sidan april i fjor har han slite med skade, og han vart ståande med berre tre seriekampar for Sogndal i 2011. No tyder mykje på at nok ein sesong går i vasken:

Ifølgje Fjordabladet har midtstopparen fått diagnosen beinmargsødem i mageregionen. Det siste året har han vore gjennom mange behandlingar, før diagnosen endeleg vart stilt.

– Eg har prøvd kortison, akupunktur, trykkbølgjebehandling og mykje anna. No viser det seg at det eg treng rett og slett er kvile, seier Røed til avisa.

Trur han skal komme tilbake på bana

Sist han prøvde seg på ei skikkeleg speleøkt var før jul. Då måtte han gje seg på grunn av smertene.

Då reiste han til Oslo, og der fekk han svar på problema sine frå landslagslege Thor Einar Andersen. No trur han det skal gå greitt å komme tilbake på fotballbana.

– Det kan ta nokre månader, eit halvt år eller heile sesongen. Men no ser det ut for at eg skal bli kvitt problema, og då er det lett å halde motet oppe, seier han. til Fjordabladet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.