Hopp til innhold

Brot i forhandlingane med NSB - no kan reiselivet gå glipp av millionar

Flåm Utvikling - som hentar inntektene frå Flåmsbana - har hatt eit samla overskot på 130 millionar kroner dei siste seks åra. No kan NSB stikke av med overskotet.

Flåmsbana vinterstid (montasje)

MYKJE PENGAR: Striden om kven som skal drive Flåmsbana dreier seg til sjuande og sist om mykje pengar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg ønskjer ikkje å spekulere i kva dette kan få å seie for reiselivet, seier Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Flåm Utvikling.

NSB varsla tysdag at dei vil drive Flåmsbana vidare åleine, etter at forhandlingane med Aurland Ressursutvikling ikkje førte fram til ny avtale.

Mykje av inntektene frå Flåm Utvikling nemleg vorte spytta inn i lokale reiselivsbedrifter som har slite tøft økonomisk.

Raude tal for hotellet

Ei av desse bedriftene er mellom andre Fretheim Hotell, som gjekk med 16 millionar i minus i tidsrommet 2008 til 2011. Også selskapa Sognefjorden AS, Aurland Skofabrikk og Nærøy Kulturhistoriske anlegg har slite med store minustal.

Fram til år 2000 eigde NSB 49 prosent av selskapet Flåm Utvikling. Men på slutten av 1990-talet gjekk Flåmsbana dårleg, og NSB bestemte seg for å selje seg ut av selskapet.

Etter at dei lokale eigarane tok over styringa og marknadsføringa, har Flåmsbana vorte ein økonomisk kjempesuksess. Berre dei siste seks åra er det samla overskotet for Flåm Utvikling på om lag 130 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana vinter

GÅR GODT: Flåm Utvikling har hatt eit overskot på 130 millionar kroner dei siste seks åra. Flåmsbana er avgjerande i dette reknestykket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRk

Avtalen gjekk ut ved nyttår

Problemet for Flåm Utvikling er imidlertid at avtalen med NSB gjekk ut ved nyttår, og at NSB no vil drive Flåmsbana sjølv. Dette betyr truleg store inntekter for NSB i åra som kjem, og ditto svikt i inntektene for Flåm Utvikling og resten av reiselivsnæringa i bygda.

NSB og Flåm Utvikling har ikkje greidd å kome fram til ein avtale om drifta av Flåmsbanen, og måndag annonserte NSB at selskapet frå no av vil drive Flåmsbana åleine.

Flåm Utvikling stiller seg på si side undrande til dette, og på generalforsamlinga i morselskapet Aurland Ressursutvikling onsdag vil det bli avgjort om ein vil godta NSB sitt framlegg til avtale.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

BER PARTANE MØTEST IGJEN: Aurland-ordførar Noralv Distad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ber partane forhandle vidare

Gjennom selskapet Aurland Ressursutvikling er Aurland kommune ein viktig medeigar i Flåm Utvikling. Eit samrøystes formannskap i Aurland vedtok tidlegare i dag å be NSB og Flåm Utvikling å ta opp igjen forhandlingane.

– Vi ber om at partane går attende til forhandlingsbordet, seier ordførar Noralv Distad.

– NSB gjekk måndag ut med at Flåm Utvikling ikkje greidde å svare innan forhandlingsfristen og at NSB no vil drive Flåmsbanen åleine. Er det då realistisk at NSB vil gå attende til forhandlingsbordet?

– Ja, det meiner vi. Vi legg til grunn at det blir inngått ein avtale mellom NSB og Flåm Utvikling, seier Distad.

NSB står på si side fast på at fristen for forhandlingar gjekk ut sist fredag klokka 17:00.