Hopp til innhold

Kan forsvinne alt i sommar

Sogndal opnar for å sleppe Gustav Valsvik til ein ny klubb allereie til sommaren, skriv Sogn Avis. Kontrakten til Valsvik går ut til hausten. Trenar Jonas Olsson seier han trur at ein overgang til Belgia eller Nederland kan vere bra mellomsteg for Valsvik. Blir han i Norge kan han like godt halde fram i Sogndal, dersom ikkje ein av storklubbane som Molde eller Strømsgodset kjem på banen, seier Olsson til avisa.