NRK Meny
Normal

Kan få omkamp om språkreglar

To setningar i ein 36 sider lang språkbruksplan har sett sterke kjensler i sving. I dag kan det bli duka for omkamp.

Omkamp om språkreglane

TO PUNKT – STOR STRID: Sju ordførarar i Sogn har stilt seg bak lærarane i kampen mot fylkeskommunen sine nye språkreglar.

Foto: Fotomontasje

Ordførarane i Sogn vil det igjen skal verte lov å skrive me og bruke a-endingar i Fylkeskommunen.

Forbodet har eksistert i fire månader, i dag skal saka drøftast av fylkespolitikarane i Hovudutvalet for kultur.

– Dette har med språk og identitet å gjere. Det er ei viktig symbolsak for oss i midtre og Indre Sogn, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

– Bør få stå fritt

Harald Offerdal

ORDFØRAR: Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Offerdal er også leiar av Sogn regionråd, og ein av sju ordførarar som reagerer kraftig på to setningar i den 36 sider lange språkbruksplanen til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dei meiner tilsette i fylkeskommunen bør få lov til å bruke «me» og a-infinitiv. Og ikkje bli tvungen til å bruke «vi» og e-infinitiv .

– Det viktigaste er at du skriv eit enkelt språk og at språkføringa er god. Om du skriv «me» eller «vi», så er det ikkje det som betyr noko. Sakshandsamarane i fylkeskommunen bør kunne stå fritt, meiner Offerdal.

– Fortener ei ny runde

Det var administrasjonen i Fylkeskommunen som bestemte språknormene, etter grønt lys frå politikarane. Nils Gjerland (Sp), leiar for Hovudutvalet for kultur, har tidlegare gjeve si støtte til ordførarane i Sogn .

Nils Gjerland

LEIAR: Nils Gjerland (Sp).

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han ser ikkje vekk ifrå at saka kan dukke opp att på politikarane sitt bord.

– Det fortener i alle fall ei ny runde også politisk. Vi kjem til å snakke om dette i kulturutvalet, så får vi sjå kva grad vi skal bringe saka derifrå eller om andre tek den inn til politisk forum, seier han og er samd i ein del av kritikken som har kome.

– Eg tykkjer det kanskje er unødig firkanta å lage reglar som går utover det som er rettskrivingsnormer. Så er det greitt at vi har ein språkbruksplan, så må vi ikkje gjere det vanskelegare enn naudsynt.

– Tullar ikkje med identiteten

Språkbruksplanen skal gje eit enklare språk i forvaltninga, men har i staden sett djupe kjensler i sving hos sogningane.

– Fordi dialekta er identiteten vår. Me har vestlandsformer innebygt i oss frå generasjonar. Det vil vere aldeles unaturleg at me skal til å skrive «vi», seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap).

Ivar Kvalen

ORDFØRAR: Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Luster seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) at det fylkeskommunale forbodet rokkar ved identiteten til sogningane.

– Identitetar skal ein ikkje tulle mykje med før det blir reaksjonar. Her trur eg nok fylkeskommunen ikkje har vore heilt oppdatert i høve til kva som har vore folkeviljen, seier han.

Kvalen har løysinga

Saka blir i dag diskutert av fylkespolitikarane, og Balestrand-ordførar Offerdal meiner han har løysinga på korleis den språklege stridsøksa kan gravleggast:

Er sakshandsamaren åleine om dokumentet, bør det vere fritt fram å velje.

– Og i tilfelle det er fleire er inne i dokumentet, så må ein bli samde om ein nyttar «me»- eller «vi»-forma. Så enkelt som det, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.