Hopp til innhold

Kan få ny brannstasjon til 20 mill.

Vågsøy kommune må truleg bruke rundt 20 millionar kroner for å bygge ein ny brannstasjon i løpet av dei neste åra. Det skriv Fjordenes Tidende. Den snart 60 år gamle stasjonen i Måløy innfrir ikkje krava til Arbeidstilsynet. Dagens brannstasjon er mellom anna for liten, og han manglar dusjfasilitetar som gjer at brannmennene kan vaske av seg farlege stoff før dei går heim.