Hopp til innhold

Kan få Norges største vindmøllepark

Vindkraftselskapa Vestavind Kraft AS og Zephyr AS vil bygge Norges største vindmøllepark på Bremangerlandet.

Norges Vassdrags og Energidirektorat, NVE, har allereie fått melding om planane.

- Når vi har funne eit område med mykje vind, så ser vi kva vi kan realisere der. Og så langt ser det ut det ut til at det er interessant med utbygging i Bremanger, seier Håkon Sandvik som er administrerande direktør i Vestavind Kraft AS.

Vindkraft
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Mykje vind

Sogn og Fjordane har mykje vind å by på, og no vil Vestavind Kraft og Zephyr byggje stort på Bremangerlandet.

- Den største vindparken i Norge i dag ligg på Smøla og er på 140 Megawatt. På Bremangerlandet snakkar vi om 160 Megawatt, seier Sandvik.

70 vindmøller

Dei har peika ut tre plassar, ved Igland, Grotle og Berle som høgst aktuelle. For å få til dette må dei sette opp 70 vindmøller. Krafta dei då kan produsere tilsvarer straum til rundt 25.000 husstandar, eller til alle husa i heile Flora, Førde og Bremanger til saman.

Fryktar for turområde

Før helga var det informasjonsmøte om saka. Grunneigarar både støtta og er skeptiske til planane. Fleire frykta at tur- og jaktområde kan bli øydelagt.

Enno er det fleire år fram i tid før planane kan realiserast, og mangt kan sette kjeppar i hjula.

- Vi må først sjå om dette er eit spanande og mogeleg prosjekt og så gå vidare frå der, seier han