Hopp til innhold

Kan få Norges største vikingskip

Det utbrente Myklebustskipet på Nordfjordeid er kanskje det største vikingskipet som er oppdaga i Norge. No blir det planlagt å rekonstruere skipet.

Nordfjordeid

PÅ FJORDEN: Nordfjordeid kan få det historisk største vikingskipet i Norge. Planen er at det også skal kunne nyttast ute på fjorden.

Foto: unknown / NRK

Ifølgje Fjordabladet har styringsgruppa for Sagastad no planar om å rekonstruere skipet som er nær 30 meter langt. Dei er på jakt etter ei tomt nær fjorden i Eid sentrum der dei vil lage til eit opplevingssenter.

Inne i dette senteret skal folk kunne få ta ein nærare kikk på ein rekonstruert versjon av Myklebustskipet, og får styringsgruppa det som dei vil skal det vere mogleg å få skipet ut på fjorden for å bruke det der, skriv avisa.

– Eit vikingskip på fjorden i Eid vil bli ein attraksjon i høve til cruiseturistar som kjem til Nordfjord. Det vil også trekkje fleire turistar til land og opplevingssenteret, seier styreleiar i Sagastad, Tøger Lien, til Fjordabladet.

Dersom planane blir realisert kan Eid få det historisk største vikingskipet i Norge. Myklebustskipet vart grave ut i 1874 og stammar heilt tilbake til 800-talet.

Ein håpar no å få starte opp med forprosjektet for planane. Fjordabladet skriv at ein i dette skal bestemme kva Sagastad konkret skal innehalde, kva kostnaden blir, korleis finansieringa skal vere og kor ein skal leggje senteret reint geografisk.

Førebels manglar ein 200 000 kroner av dei vel 1,4 millionane som er tenkt nytta til forprosjektet.