Hopp til innhold

Kan få ein tøff start på sesongen

Sogndal trenar Jonas Olsson kan få seg ein tøff start i tippeligaen. Ei lita veke før det brakar laust er det framleis mange hol som skal fyllast.

Video Sogndal slit i forsvar.

UTFORDRING: Det er fleire hol som må tettast før Sogndal kan seie seg klare til sesongstart neste helg.

I starten av oktober var det klart at det var ein svenske som skulle stå bak rattet når Sogndal no igjen skal kjempe om plassen i eliteserien. Mange har tippa laget nord og ned, mellom anna har Jahn Ivar ”Mini” Jakobsen sagt at han er heilt sikker på at klubben frå saftbygda rykkjer ned denne sesongen.

Om det skjer eller ikkje er det ingen som kan seie for sikkert, men at Sogndal går sesongen i møte med ting litt på skeiva, er dessverre sikkert. Framleis er det hol i forsvaret som må tettast.

– Det viktigaste er at vi får inn ein forsvarar av god klasse, det er det absolutt viktigaste, seier Olsson til NRK.no fredag.

– Eg er sterk i lufta

På treninga fredag var det ein tankefull trenar som følgde spelarane sine tett. Laurdag møter Sogndal Strømsgodset til treningskamp, og under denne kampen er det fleire nye fjes som blir testa ut.

Blant dei er den makedonske midtstopparen Jasmin Mecinovic, som sjølv trur han kan få ein plass på laget.

– Eg er høg. Eg er ein sterk spelar som er god i lufta og har ein god venstrefot, så eg trur det skal vere nok, seier Mecinovic.

Det er ikkje optimalt

For trenar Jonas Olsson er det uansett mykje som må begynne å gå laget sin veg, og han set sin lit til at dei spelarane som er ute med skade er på veg tilbake. Under treningsopphaldet på La Manga fekk Sogndal så hatten passa då dei tapte heile 8–0 mot Sandnes Ulf.

Olsson håpar at spelarane har fått seg eit løft sidan, slik at han skal klare å ta ut eit godt lag til møtet mot Odd borte neste helg. Per no har han ikkje noko klar startellevar, noko han vedgår at ikkje er det beste.

– Det hadde vore det optimale, men det blir ikkje alltid slik ein hadde tenkt seg.