NRK Meny
Normal

Kan få bot etter Klanen-banneret

Sogndal risikerer å bli bøtelagd etter at Vålerenga-supporterar hengde opp eit banner som synte fotballpresident Yngve Hallén som mafiaboss.

Banner

KAN FÅ BOT: Dette banneret til Vålerenga-supporterane kan i verste fall medføre ei bot for kamparrangør Sogndal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Eg veit frå andre arenaer at det er gitt både åtvaringar og bot i liknande tilfelle, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal til NRK.no.

Før kampen mellom Sogndal og Vålerenga søndag hadde bortelaget sine supporterar hengt opp fleire plakatar med ulike karakteristikkar av fotballpresident Yngve Hallén. Desse vart tekne ned.

Straks etter hengde dei tilreisande frå Oslo opp eit nytt banner, der den tidlegare Sogndal-leiaren vart framstilt som mafiabossen frå Gudfaren-filmane.

Klarer ikkje gardere seg heilt

Geir Inge Heggestad beklagar det som skjedde. Korkje han sjølv eller NFF sin delegat oppdaga banneret tidleg nok.

– Vi burde heilt klart ha gripe inn, og det har vi sagt til NFF-delegaten også. Han såg heller ikkje banneret før ganske seint. Eg såg det dessverre ikkje under kampen, då banneret var litt lite, seier Heggestad.

– Det er beklageleg, men samstundes kan vi aldri gardere oss heilt mot slike folk, seier han.

Vart hengt opp av utanforståande

No vil Sogndal vente på kva fotballforbundet eventuelt kjem fram til av sanksjonar mot klubben. Det er heimelaget som er ansvarleg for det alle på stadion måtte gjere.

– På tryggleiksmøtet før kampen fekk vi innspel om at supporterane hadde med seg banner, og desse vart vurderte i høve ytringsfridom. Så vart det hengt opp banner av utanforståande, altså utanfor VIF-klanen, som ikkje var i høve retningslinjene for ein tippeligakamp, forklarer han.

NFF-delegaten, Geir Tjervåg, ønskte søndag ikkje å gje kommentar til NRK. Han synte til at han ville ta dette direkte med klubben.

Fotballforbundet si leiing har den siste tida vore sterkt kritisert, mellom anna for korleis dei takla avgangen til landslagssjef Egil «Drillo» Olsen. Hallén har vore i oppvaskmøte med «Drillo», men Vålerenga-fansen tykte tydelegvis at dette ikkje var nok.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast