NRK Meny
Normal

Vindkraftbransjen kan få 600 millionar kroner i skattelette

Med skattelette blir det lettare å investere i vindkraft, meiner vindkraftforeininga.

Øyvind Isachsen vindkraft

VINDKRAFT PÅ VESTLANDET: Med skattelette er det større moglegheiter for vindkraftutbygging på Vestlandet, seier Øyvind Isachsen.

Foto: Rune Karlsen/Frank May / NRK/NTB Scanpix

– No er det gitt mykje større moglegheiter for at desse parkane skal bli bygd, og vi kjem til å ta tak i dei gode ressursane som er på Vestlandet, seier Øyvind Isachsen i Norsk vindkraftforeining

Vindkraftbransjen slår på stortromma etter at regjeringa no har gjort framlegg om å gi bransjen 600 millionar kroner i skattelette.

Bakteppet er at Sverige har hatt betre ordningar for å bygge ut vindkraft, no blir avskrivingsreglane meir like.

Håpar på snuoperasjon

Politikarane håpar meir av vindkrafta i den felles energimarknaden skal bli bygd ut her til lands. For trass i at fleire vindkraftanlegg har fått konsesjon her i fylket, har berre eitt av dei til no blitt noko av.

Årsaka er låge straumprisar, no meiner bransjen ting kan snu seg.

I fylgje regjeringa sitt høyringsnotat vil vindkraftbransjen i snitt trenge 52 øre per kilowattime straum dei komande åra for at prosjekta skal løne seg.

Men i notatet varslar dei at prisen for straum og elsertifikat vil ligge på berre 40 øre fram mot 2020. Verknaden av nye skattereglar blir ifylgje regjeringa berre 1 øre per kilowattime, medan bransjen sjølv seier 3 øre.

Må vere lønnsamt

Stig Svalheim i Vestavind kraft

TRENG INVESTORAR: Stig Svalheim i Vestavind kraft seier ein uansett treng nokon som vil satse på prosjekta.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

På Sandane har Vestavind kraft i årevis jobba for å få bygd vindkraftanlegga. Trass prisgapet meiner dagleg leiar Stig Svalheim at sjansane aukar for dei aller mest lønsame prosjekta, slik som til dømes Okla på Stadlandet, men han vil ikkje vere skråsikker.

– Sikre er vi ikkje. Det må jo vere lønnsame investeringar og investorar som vil satse pengar på det, men vi ser at vi har blant dei beste prosjekta i Noreg, så vi håpar våre prosjekt rykkjer opp i køen av prosjekt som kan bli realisert i løpet av dei neste fem åra, seier Svalheim.

Feilsatsing

Stein Malkenes

INGEN KLIMAEFFEKT: Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne meiner skattelette i vindkraftbransjen er feilsatsing.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er feil å satse på 600 millionar kroner i skattelette til vindkraftbransjen som eit klimatiltak, meiner Stein Malkenes som er førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne.

Malkenes meiner dette er å kaste pengar ut glaset.

– Det har ingen dokumentert klimaeffekt, det øydelegg masse natur og det finst ingen mekanismar i EU sitt kvotesystem i andre enden som viser at denne vindkrafta skal erstatte fossil energi, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.