Hopp til innhold

Vik fengsel kan få 30 nye soningsplassar

Viss Vik fengsel får klarsignal frå regjeringa, kan dei ha 30 nye soningsplassar klare rimeleg kjapt. Og nær ei dobling av soningsplassane, betyr også nye arbeidsplassar.

Vik fengsel

AUKE: Vik fengsel kan få nesten dobbelt så mange soningsplassar dersom regjeringa går inn for at dei skal få byggje på.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I går hadde Vik Fengsel besøk av statssekretær Vidar Brein-Karlsen (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet.

– Vi har sagt til statssekretæren at vi kan byggje 30 nye lukka fengselsplassar rimeleg kjapt, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim til NRK.no.

I dag har fengselet totalt 39 plassar, så viss Vik fengsel får klarsignal til eit nybygg, vil kapasiteten nesten verte dobla.

– Vi vil totalt komme opp i 69 plassar viss vi får lov til å byggje desse plassane, seier Stadheim.

Vil betyr mange fleire arbeidsplassar

I dag går 22 tilsette i turnus i fengselet. Med ei nesten dobling av plassar, vil det også bety fleire arbeidsplassar, men nøyaktig kor mange, er ikkje klart. I tillegg til fengselsbetjentane, er det også knytt fleire andre arbeidsfunksjonar til fengselet.

I desember sende justisminister Anders Anundsen brev for å be om hjelp frå sin svenske kollega Beatrice Ask for å få unna den norske soningskøen.

Norge har altfor få fengselsplassar, og per desember 2013 var soningskøen på nesten 1200 personar. Det er nesten ikkje tilgjengelege varetektsplassar, og personar som burde vore i fengsel, må sleppast fri på grunn av kapasitetsproblema.

Anundsen meiner at krisa i kriminalomsorga kan utvikle seg til eit problem for rettsstaten, om ikkje problema vert løyste.

Har arealet klart

Den nye regjeringa har signalisert at dei er ute etter raske og rimelege fengselsplassar for å ta unna soningskøane.

– Og det er nettopp det vi kan tilby her i Vik. Vi har arealet som tilseier at vi kan byggje, og eg ser ikkje problem med at ein kan setje i gang rimeleg kjapt med å byggje, dersom ein får klarsignal, seier Stadheim.

Men for at så skal skje, må fengselet få klarsignal for eit areal på andre sida av vegen for dagens eksisterande fengsel, der ein har planar om å byggje eit nytt administrasjonsbygg.

Statsbygg er i desse dagar i gang med å kjøpe opp tomteareal på austsida av Vik fengsel.

– Men vi kan, uavhengig av det, byggje 30 nye plassar på eksisterande areal, berre vi får hand om det nye arealet til anna drift. Vi kan setje i gang rimeleg kjapt, og så flyttar vi noko verksdrift og andre fasilitetar over på andre sida når den tid kjem, seier Stadheim.

Fekk positive signal

Statssekretæren hadde først eit to timar langt møte med Stadheim og dei tilsette på fengselet, før han hadde eit møte med ordførar og kommuneleiing om same tema.

– Vi hadde eit godt møte. Signala var positive, og eg sit att med ei veldig god kjensle etter møtet. Han skulle ta det med seg til Oslo, og så får vi sjå kva melding vi får tilbake, seier Stadheim.

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen seier at han fekk eit veldig positivt inntrykk av Vik Fengsel og av planane om utviding der

– Det ligg ei tomt der, og sist det vart bygt ut vart det bygt veldig billige plassar. Difor er det veldig interessant å sjå vidare på dei planane som fengselsleiinga la fram.

Vidar Brein-Karlsen

-VELDIG INTERESSANT: Statssekretær Vidar Brein-Karlsen.

Foto: pressefoto

–Godt inntrykk

Han seier at han og fekk eit godt inntrykk av måten fengeslet blir drive på.

– Dei syner solide evner til å drive kriminalomsorg på ein effektiv, rasjonell og kvalitativt god måte. Det er godt å sjå for ein statssekretær som har ansvar for kriminalomsorg.

Brein-Karslen hadde og eit møte med ordførar Marta Finden Halset og resten av Vik formannskap. Der fekk han forsikringar om at lokalpolitikarane vil leggje til rette for ei kjapp handsaming av ei eventuell byggjesak dersom departementet skulle velje å utvide i Vik.

Statssekretæren seier at det hastar veldig med å få fleire fengselsplassar og at dei i løpet av nokre månader må ha funne ut korleis dei skal byggje ut kapasiteten.

– Vi jobbar på høggir og skal ta ei avgjerd så fort som råd er.