Hopp til innhold

Kan ende opp med klekkeleg bot

Runesteinen på Stedje i Sogndal fekk stå i fred i over 1500 år før den i vinter fekk toppen brotna av fordi det vart dumpa snø på den. No kan Sogndal kommune måtte betale dyrt for det som har skjedd.

Runesteinen i Sogndal før og etter

KNEKTE AV TOPPEN: Runesteinen har fått stå i fred i over 1500 år, men no er toppen knekt av. Det kan bli dyrt for kommunen.

Foto: Stein Bondevik og Kjell Arvid Stølen

Den nesten to meter høge runesteinen ved Stedje kyrkje i Sogndal er truleg eitt av dei aller eldste kulturminna som finst i Sogn og Fjordane.

Arkeologar meiner steinen er så gamal som over 1500 år, og skildrar det som spesielt at steinen har fått stå på sin opphavlege plass å lenge. Men i vinter vart idyllen bokstavleg talt knust og kommunen kan få svi økonomisk, skriv Sogn avis.

Fekk bot på fem millionar

Det er dumpa store mengder snøen på steinen, og dette har ført til at 30–40 centimeter av toppen av steinen er knekt av. Saka er politimeld og erfaringar frå liknande saker tyder på at Sogndal kommune kan ende opp med ei klekkeleg bot etter øydeleggingane.

Østfold fylkeskommune har gitt Hafslund Nett ei bot på fem millionar kroner etter at dei grov i eit område med freda gravfelt, skriv Sogn Avis.

Sjølv om det i dette tilfellet ikkje vart gjort direkte skade på kulturminne er bota heimla i kulturminnelova som seier at: «for å ha sett i gang tiltak som er eigna til å skade, øydeleggje, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne», skriv avisa.

Store variasjonar i bøtenivå

Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i Økokrim seier kvar enkelt slik sak blir handsama konkret og at det blir reagert strengt i slike saker.

– Bøtene har variert frå 50 000 kroner til fleire hundre tusen kroner. I nokre eksempel har dei vore på over ein million kroner, seier Høviskeland til Sogn Avis.

Det er fleire ting som blir lagt til grunn i ei vurdering, til dømes kor grovt brotsverket er og om hendinga kunne vore unngått ved til dømes instruksjonar.

Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, vil overfor Sogn Avis ikkje kommentere noko rundt ei eventuell straffeutmåling.