Det går fram av eit revisjonsnotat at fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rådmann Tore Eriksen vart orientert om fusjonsplanane til Fjord1 allereie den 1. november 2013, skriv Firda. Eit og eit halvt år før medlemmane av Fylkesutvalet vart overrumpla over at dei ikkje var orienterte om fusjonsplanane.
– Det er alvorleg om ikkje informasjonsflyten er skikkeleg, når det handlar om store selskap og store verdiar. No vurderer vi å halde høyring for å finne ut om den informasjonsplikta vart halden, og å få klarlagt kven som visste kva og når, seier leiar Arve Mjømen (H) i kontrollutvalet i fylkeskommunen til avisa.
- Les også:
Revisjonsnotat viser også at Fjord1 byrja å planlegge fusjonen i september 2013. To månader seinare orienterte styreleiar Reidar Sandal fylkesordføraren og rådmannen. Der stogga informasjonen.
Samstundes la fylkeskommunen planar om å selje sin eigarpost i reiarlaget.
Sandal informerte heller ikkje fylkesutvalet om fusjonsplanane då dei stilte på eit møte for å gje ein statusrapport om selskapet i desember 2014, skriv avisa.
- Les også:
- Les også: