Hopp til innhold

Kan ho ha brukt opp tabbekvoten sin?

Kari Standal Pavelich lovar seg sjølv å byrje eit nytt og betre liv – trur ho. På flyplassar skal ho i alle fall snakke mindre med kjentfolk!

Kari Standal Pavelich

SMILER AV SEG SJØLV: Kari Standal Pavelich bretta ut flausane sine på Facebook, med ein god porsjon sjølvironi.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kari Standal Pavelich gjorde dei fleste tabbane ein flyreisande kan gjere då ho skulle heim frå Oslo til Nordfjordeid søndag. Det skal godt gjerast å rote meir enn sjefen for Opera Nordfjord gjorde søndag. Ho bretta ut heile historia på Facebook.

– Eg hadde vore i Oslo i helga og skulle heim med 16.10-flyet til Sandane og var ute i god tid på Gardermoen. Eg gjekk heilt ned i enden der vi har utgang 2 og 3, der flya til Førde, Sandane og Ørsta/Volda som regel går frå.

Der trefte ho ein kar ho kjenner frå Ørsta og kom i prat med han.

– Eg hadde ikkje sjekka skjermane, eg berre rekna med at eg var på rett plass. Så vart klokka ganske mykje, den var fem over fire utan at noko hadde skjedd. Då fekk eg litt panikk og sprang og sjekka ein skjerm. Der stod det at flyet skulle gå frå utgang 14B, og at utgangen var stengd.

– Litt åndsfråverande

Ho sprang alt ho kunne til den rette utgangen, men nådde ikkje flyet. Ho fekk ny billett til det ho trudde var 19.55-flyet.

– Eg var litt åndsfråverande, så eg beit ikkje merke i at ho som ordna ny billett nemnde noko om 17.20. Medan ho heldt på gjekk det forbi ein kjenning som eg ikkje hadde sett på 40 år forbi, og som eg måtte prate med.

Med nytt boardingkort i handa tok ho til å rusle rundt, i trua på at ho hadde tre timar å slå i hel før flyet skulle gå.

– Eg trefte nye kjentfolk og sette meg ned på ein kafé, vi prata og drakk te. Klokka ti over halv åtte møtte eg opp. Først då såg eg ned på boardingkortet mitt og oppdaga at det stod 17.20 frå Oslo til Sogndal. Då greip panikken meg for andre gong den dagen.

Widerøe-fly

LITEN, GRØN OG LITT FOR KJAPP: Widerøe-flya Standal Pavelich skulle med var i rute.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kvar er lommeboka?

Ho spurta tilbake til ein kundeserviceskranke og fekk forklart kva som hadde skjedd.

– Då var det ti minutt til flyet skulle gå. Ho måtte ringe mange telefonar for å oppspore kofferten min, for eg fekk ikkje lov å reise utan den. Fem minutt før avgang sa ho «Løp!», og eg kom med flyet og var veldig nøgd med det.

Men det var ikkje slutt på problema. For då Kari Standal Pavelich hadde landa på Sandane lufthamn og skulle stikke betalingskortet i automaten for å betale parkeringa oppdaga ho at lommeboka var vekk.

– Då låg den att på Gardermoen, så eg hadde ikkje betalingskort, ferjekort eller noko som helst. Eg måtte berre reise av garde, eg hadde heldigvis med ein som sat på med meg som hadde ferjekort.

På ferja fekk ho ringt og sperra betalingskortet. Og dagen etter viste det seg at lukka hadde vore betre enn forstanden. For lommeboka med innhald var funnen.

– Eit nytt og betre liv

Men Kari er ikkje heilt ferdig med å vedgå tabbar.

– Eg var faktisk i Oslo førre måndag på eit møte og hadde billett til 16.10-flyet heim. Av ein eller annan grunn hadde eg fått det for meg at flyet gjekk 17.10. Møtet mitt var ferdig klokka 15, og då eg skulle til å sjekke inn så såg eg flyet skulle gå 16.10, og då var klokka mi akkurat 16.10.

Dermed miste ho det flyet og måtte ta nattbussen heim, elles hadde ho måtta kjøpe ny billett.

– Og eg lova meg sjølv på tru og ære at eg aldri, aldri, skulle miste eit fly resten av livet.

Men det gjekk altså berre nokre dagar før ho tabba seg ut igjen.

– No har eg gått i alle fallgruvene, men no skal eg byrje eit nytt og betre liv.

På facebook-sida si fortalde ho historia, og ho sette opp tre viktige punkt som ho skal passe på neste gong ho er ute og reiser:

  • 1) Sjekk alltid skjermene med avgangstid og utgang, selv om du snakker med kjentfolk fra Eid!
  • 2) Les alltid boardingkortet og sjekk avgangstid, selv om du snakker med nye kjentfolk fra Eid!
  • 3) Ikke mist lommeboka!