Hopp til innhold

Kan dette lammet ha overlevd ulven?

Fire nye kadaver og eitt skadd lam. Laurdag er SNO tilbake i fjellområda mellom Hyllestad og Høyanger for å sjå om det er ulv som har vore på ferde.

Lam truleg skadd av ulv

UVISST: Ein veterinær vil sjå på det skadde lammet og laurdag kjem også SNO for å sjå på nye kadaver funne i Hyllestad.

Foto: Privat

Torsdag vart det funne ytterlegare to sauekadaver i nedre Lavikdalden. Fredag vart det funne to kadaver og eitt skadd lam i Hyllestad.

Det skadde lammet er blitt teke inn og får tilsyn av veterinær.

– Det har tydeleg fått ein skade i halsen. Det er vanskeleg å seie kva det er, men det er tydeleg ferskt raudt blod i bringa, seier leiar Ove Sørestrand i Høyanger Nordside Beitelag til NRK.

Funne under tilsyn

Dermed har bøndene i området funne 16 kadaver til no. Statens naturoppsyn har stadfesta at tre kadaver funne i nedre Lavikdalen er tekne av ulv. Laurdag vil SNO vere tilbake for å sjå på kadavera funne i Hyllestad.

Lammet og dei siste fire kadavera vart funne under tilsyn. Beitelaget har hatt god kontakt med medlemer på begge sider av kommunegrensa.

– Småfehaldarane har lagt ned ein stor jobb med å halde tilsyn. I løpet av helga blir det heilt sikkert gått veldig mykje i terrenget, seier Sørestrand.

Fylkeslaget var ute

Leiar Arve Aarhus i Fylkesfellingslaget seier at dei hadde representantar i Hyllestad fredag kveld.

Fylkesfellingslaget er ansvarlege for fellingsforsøket Fylkesmannen har gjeve på ein ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.

– Sauene var konsentrerte på eit oversiktleg område. Vi følte det var eit poeng å vere der for å passe på dyra. Det verkar for å vere roleg no, seier Aarhus og presiserer at det er uvisst kor gamle skadane er.

Ikkje overraska

Kadavera vart funnen i skogen, noko som ikkje gjer dei like utsette for fuglar som mange av dei andre kadavera som er funnen. Fleire av kadavera som er funne har ikkje gjeve noko svar på dødsårsak.

Beitelagsleiar Sørestrand er ikkje overraska over at bøndene kjem over fleire og fleire kadaver. Han ser konturane av ei frykt som blir røynd.

– Når det er påvist ulv, mange kadaver og meldingar om mange dyr ein ikkje har oversikt over, så hadde det vore unaturleg å ikkje finne fleire, seier han.

– Det er likevel ein frykteleg vanskeleg situasjon for dei som finn dyra sine på denne måten, avsluttar han.