Kan bli verdas grønaste datasenter

Lefdal Gruve i Eid er den mest optimale plasseringa av eit gigantisk datalagringssenter i verdssamanheng. Det er konklusjonen i forprosjektet som blir presentert i Måløy onsdag.

Video Kan bli verdas største datagruve

VIDEO: Slik kan datalagringa i Lefdal gruve bli i framtida.

Gruva i Nordfjord kan bli det største, sikraste og mest miljøvennlege datasenter i verda.

I dag er den verdas største olivingruve og har store bergrom i seks nivå. Det er for tida stopp i gruvedrifta, men testar har vist at gruva kan drivast sjølv om ein går for datalagring i nokre nivå.

– Gruva er optimal

Prosjekteigar er IT-verksemda LocalHost i Måløy, og administrerande direktør Sindre Kvalheim er stolt over at forprosjektet konkluderer med tommelen opp.

– Gruva er optimal samanlikna med dei beste på verdsbasis. Våre teknologi på kjøling er omlag 35 prosent betre enn dei tre vi er samanlikna med i London, Amsterdam og USA.

Doblar seg kvar 18. månad

LocalHost har hatt med seg datagiganten IBM, Hafslund, Tandberg, IKT Norge, DnBNor Innovasjon Norge, og lokale krefter som SFE og Måløy vekst i forprosjektet. Konklusjonen er at Lefdal gruve kan bli verdas beste stad for å plassere enorme datalagringsmengder - og datamengdene i verda blir dobla kvar 18. månad.

– Dette er ein plasskrevjande og energikrevjande industri. CO2-messig står den for meir enn den samla flyindustrien og plassmessig er det voldsomme dimensjonar som trengs. Gruva i Lefdal er slik at vi kan byggje fire til fem gonger større enn det som eksisterer i dag globalt.

– Framtidsretta

Halvor Flatland i Innovasjon Norge deler optimismen til Kvalheim.

– Dette prosjektet har eit enormt potensiale, ikkje minst som ein internasjonal aktør. Moglegheitene er store, og er veldig framtidsretta.

Må finne kundar

Sindre Kvalheim seier vegen vidare blir å finne samarbeid med store kundar.

– Vi er nøydde til å finne partnere vi kan løfte dette saman med. Dette er eit veldig stort prosjekt som treng mykje pengar. Vi er avhengig av statleg støtte og ikkje minst statleg kundeinteresse.

Lefdal Gruve

Testar har vist at det kan vinnast ut olivin sjølv om det skal lagrast data i andre nivå i gruva.

Foto: Lefdal Gruve