NRK Meny
Normal

Overgrepsmottaket er snart historie etter splitting mellom fagfolk og eigarar

Fagfolk og politi vil ha overgrepsmottaket til Førde sentralsjukehus. Men kommunane som eig mottaket vegrar seg. Dermed er tilbodet historie.

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

STOPP: Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket på Førde Sentralsjukehus står utan jobb fordi kommunane ikkje blir einige om kvar eit overgrepsmottak skal ligge.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Vi er avhengige av ein total oppslutnad rundt overgrepsmottak i fylket for å etablere eit overgrepsmottak. Så vi blir arbeidsledige. Det er veldig trist å ikkje kunne gje den hjelpa vi er gode på, Katja Nielsen ved overgrepsmottaket ved Førde Sentralsjukehus.

Fristen for kommunane med å finansiere tilbodet gjekk ut ved nyttår. Ettersom dei ikkje er samde, betyr det at dei tilsette ved overgrepsmottaket får oppseiingsbrev i posten i løpet av denne veka.

Blir ikkje einige om ny ansvarsfordeling

– Det er rett og slett ein trussel mot dei overgrepsutsette som treng oss. Det er skummelt å tenke på at menneske som lever med vald i nære relasjonar eller er utsette for seksuelle overgrep, ikkje får den hjelpa i form av den kompetansen som er opparbeidd, seier ho.

Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane kan bli lagt ned. Skjer det, står overgrepsoffera sin rettstryggleik i fare, meiner ei samla gruppe fagfolk.

Kommunane i fylket har ikkje klart å bli samde om den framtidige organiseringa. Kimen til usemje er at staten har vedteke ei ny ansvarsfordeling. Kommunane ved legevaktene – har fått ansvaret for vald i nære relasjonar, medan sjukehusa skal ta seg av overgrepsoffer.

Har ekspertisen samla i Førde

Kommuneoverlege og legevaktsjef Øystein Furnes i Førde meiner oppdelinga ikkje er fornuftig og har forsøkt å samle alt på dagens overgrepsmottak, plassert ved Sentralsjukehuset i Førde.

Øystein Furnes

SAMLA: Kommunelegen og legevaktsjefen Øystein Furnes har samla all ekspertise på fagfeltet ved Førde sentralsjukehus. Men ikkje alle kommunane vil vere med på det.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Ved legevaktene vil ein ikkje få den erfaringa og kunnskapen som ein vil kunne ha ved overgrepsmottak der ein jobbar med den problemstillinga til vanleg.

Både Nielsen og Furnes peikar på at det trengst erfaring og ein spesiell kompetanse for å ta vare på offer- og sikre bevis i saker med vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep.

Manglande kunnskap kan setje rettstryggleiken i fare, seier Furnes.

– Det er uheldig på fleire måtar. Ein risikerer å få ei sak som ikkje held i retten, fordi spor og historie ikkje er dokumentert på ein måte som held. Det andre er å bli møtt av fagpersonar som har erfaring med å møte personar som er utsette for overgrep og grov vald.

– Avgjerande for oppklaring av saker

Overgrepsmottaket har behandla om lag 15 overgrepssaker i året. Politiet i fylket har kvart år om lag 25 saker knytt til vald i nære relasjonar.

– Det er ein tragedie for dei som er valdsutsette at ein ikkje har eit godt mottak i fylket, seier Linda Aamelfot som er koordinator for familievald og overgrep i Sogn og Fjordane.

Ho meiner ei avvikling av overgrepsmottaket vil få store konsekvensar.

– Eit velfungerande overgrepsmottak kan vere heilt avgjerande for oppklaringa av ei valdtektssak. Det handlar om rettsvernet for dei som er utsette for det. Så det vil vere eit tilbakesteg i forhold til det vi har hatt erfaring med.

Sunnfjord-kommunane og fleirtalet av Sogne-kommunane er med på den nye organiseringa ved sentralsjukehuset. I Nordfjord er kommunane avventande.

I Vågsøy utgreiar dei framleis

Ap-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy seier saka framleis vert greia ut.

Ordførar Kristin Maurstad

JOBBAR MED SAKA: Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy har enno ikkje fått alle avklaringar som trengst for å seie ja eller nei til eit overgrepsmottak.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Diskusjonane går føre seg enno. Så vil det bli lagt fram ei politisk sak når ein har fått nokre konklusjonar der, det er ein del utgreiingsarbeid som må gjerast, seier Maurstad.

Fagfolk og politiet seier rettstryggleiken til offera blir svekka viss dei ikkje får i stand den nye ordninga – bør ikkje det vege tungt?

– Eit tilbod må vi ha. Vi må ta ein diskusjon rundt kven som bør tilby og kvar slike tilbod skal ligge. Der er kriterium til avstand vi må ta omsyn til.

I Gloppen meiner SP-ordførar Leidulf Gloppestad at dei bør lytte til styresmaktene som har fordelt ansvaret.

– Kva som gjer at nokre kommunar har valt å vere avventande og andre seier det er greitt skal eg ikkje meine noko om. Men det ser ut som vi treng å ta ein diskusjon om korleis dette er organisert og om ein er einig i korleis dette skal finansierast.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå