Hopp til innhold

Kan bli tvangssal

Kommunar risikerer å selje Terra-obligasjonar med tap.

Terra Securities
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Dersom Kommunaldepartementet konkluderar med at investeringane er ulovlege, vil kommunane måtte selje.

Håpar på tid

Ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad håpar dei får den tida dei treng.

- Vi håpar vi sjølv kan velje eit tidspunkt der vi får mest mogleg igjen, seier han.

Fire nordlandskommunar sine investeringar er nyleg tvangsselde med store tap. Men seks kommunar sit framleis med om lag ein milliard kroner i investeringar gjennom Terra. For dei er spørsmålet om dei skal selge og ta tapet eller vente og håpe på betre tider.

Men konkluderer kommunal og regionalddepartemtet med at investeringane er ulovlege får dei ikkje noko val.

Statssekretær Dag-Henrik Sandbakken i Kommunaldepartementet stadfestar at kommunane vil måtte selje dersom konklusjonen er at investeringane er ulovlege. Men han seier at dei vil få rimeleg med tid før dei tek ei avgjerd.

Sikker på sal

Professor i foretaksøkonomi ved Handelshøgskulen i Bergen, Thore Johnsen seier det er liten tvil om at det går mot sal.

- Dette er produkter som utan tvil bryt med både bokstav og intensjon i kommunelova, seier han.