Kan bli tidleg vinterstenging

Vegen over Gaularfjellet vil bli vinterstengd tidleg. Det melder Statens vegvesen. Vegvesenet skal reparere to murar på fylkesveg 13 på sørsida av Gaularfjellet, og vegen blir difor stengd mellom bommen i Vetlefjorden og Utsikten frå 4. oktober. Fram til den ordinære vinterstenginga startar vil det og vere vegarbeid på Gaular-sida av fjellet, men her kan trafikk passere fram til Utsikten.