Hopp til innhold

Frå onsdag kan desse bli tatt ut i streik

På fredag vart det brot i meklinga mellom Fellesforbundet og Norsk industri. Blir det ikkje semje før midnatt i dag, kan over 9000 medlemmer bli tatt ut i streik.

Streikevest, Fellesforbundet

MOGLEG STREIK FRÅ ONSDAG: Dersom partane ikkje kjem til einigheit i dag, vil det kunne bli streik mellom Norsk Industri og Fellesforbundet.

Foto: NRK

– Det vil ha noko å seie for oss. Men omfanget vil vere usikkert til vi veit kva operasjonar som blir råka av ein eventuell streik, seier Gunnar Larsen.

Larsen er senior visepresident for marknad og bedriftsutvikling i Havyard Group

Gunnar Larsen

HAVYARD GROUP: Gunnar Larsen seier dei vil bli påverka dersom det blir streik.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

ASA. Havyard Ship Technology AS si avdeling i Leirvik er ei av bedriftene i Sogn og Fjordane som kan bli ramma av ein eventuell streik.

Hos dei kan 53 tilsette bli tatt ut i streik. I ein kommentar til NRK.no seier han at det vil vere vanskeleg å sjå konsekvensane før dei veit kven som vil bli tatt ut i streik.

–Dersom det blir streik vil vi gå i dialog med klubben for å avklare kva omfanget er og kven som blir råka, seier Larsen.

Også tilsette ved Innvik Sellgren AS Avdeling Innvik kan bli tatt ut i streik.

Siste frist

Allereie 18. mars blei det brot i forhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, noko som førte til at frontfagoppgjeret gjekk vidare til mekling. Fredag braut også meklinga saman, og partane har no fram til midnatt i dag til å bli einige. Dersom partane ikkje kjem til einigheit kan det bli streik frå onsdag morgon, også nokre stadar i Sogn og Fjordane.

Norsk Industri opplyser på sine sider at det i første omgang vil vere rundt ein tredjedel av medlemmene i Fellesforbundet som vil bli omfatta av ein eventuell streik. Totalt er det snakk om 9358 medlemmer hos 102 bedrifter over hele landet. Ein slik streik vil kunne få ringverknadar også i fleire andre bransjar og sektorar.

Mediekontakt i Norsk Industri Finn Langeland seier til NRK.no at dei ikkje kan uttale seg om forhandlingar som går føre seg no, men at ein sjølvsagt håper å unngå streik.

Vidare seier han at forhandlingane skal vere avslutta ved midnatt i dag, med mindre partane blir einige om å mekle på overtid. Blir det ikkje einigheit om eit meklingsforslag, vil oppgjeret ende i streik onsdag morgon.