NRK Meny
Normal

Kan bli strid om fjellovergangar

Framstegspartiet varslar debatt om vegprioriteringane etter at Vegvesenet vil satse på Hemsedalsfjellet framfor Strynefjellet.

Frank Willy Djuvik

VIL HA DEBATT: Frp og leiar Frank Willy DJuvik vil ikkje slå fast at Strynefjellet bør setjast på vent.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, trur vegvesenet sine tilrådingar om å satse på Hemsedalsefjellet kan få følgjer for vegprioriteringane framover. Men i Stryn satsar ordføraren og politikarane framleis på opprusting av Strynefjellet.

Djuvik vil ikkje slå fast kva som bør kome først, og vil ha debatt.

– Det blir ein diskusjon framover om kva rekkefølge ting skal realiserast. Det er vanskeleg for oss å slå fast kva som skal prioriterast akkurat no, seier han.

Ikkje skremt av statistikarane

Vegvesenet vil at ein av to hovudvegar mellom Bergen-Oslo skal vere Hemsedalsfjellet, med bru mellom Mannheller og Fodnes. Vegen kan ta unna trafikken heilt nord frå Ålesund, og gjere Strynefjellet mindre viktig.

På den andre sida jobbar Stryn kommune, nabokommunar på begge sider av fjellet og fleire fylkeskommunar intenst for at Strynefjellet skal rustast opp for fire milliardar kroner. Vegvesenet meiner på si side at prosjektet er så samfunnsøkonomisk ulønsamt, at landet vil tape ei krone for kvar som blir investert. Men akkurat dei tala skremmer ikkje Djuvik.

– Eg er av den oppfatninga at all infrastrukturbygging har ei samfunnsøkonomisk positiv nytte, sjølv om ikkje statistikarar og prosessorar kan talfeste det på det eit papir, seier Djuvik.

– Strynefjellet er eit viktig prosjekt

Vegvesenet meiner Strynefjellet blir mindre viktig om lina gjennom Sogn og Hemsedal vert satsa på. Men dilemmaet er at ny lang tunnel gjennom Hemsedalfjellet og bru over Sognefjorden, i tillegg til ferjefri E39 gjennom Nordfjord og Sunnmøre, ikkje ligg inne i Nasjonal transportplan.

Med andre ord er det ei prioriteringssak om Stortinget no går for Strynefjellet, eller løyver pengar til lina om Hemsedal så raskt som råd. Djuvik vil ikkje slå fast at det er Strynefjellet som bør setjast på vent.

– For Framstegspartiet har Strynefjellet vore eit viktig prosjekt, og det er eit viktig prosjekt, seier Frp-leiaren.

Uansett må noko gjerast med Strynefjellstunnelane skal dei oppfylle tryggleikskrava i framtida, skriv Vegvesenet i sin rapport om aust-vest sambanda.

Meiner Strynefjellet må kome først

Svein Sunde

SVEIN SUNDE: I gode vegar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Svein Sunde i selskapet Gode Vegar jobbar på vegner av Stryn, nabokommunar og næringslivet for å få ny Strynefjellstunnel. Sunde meiner Hemsedalsfjellet er ei fornuftig løysing på sikt, men at det ligg så langt framme i tid at rassikker veg over Strynefjellet må byggast først.

Vegdirektoratet har tilrådd at den beste løysinga for Strynefjellet er ein 15,7 kilometer lang tunnel, med 3 køyrefelt frå Skåre ved oppstiginga, til Breidalen oppe på Strynefjellet. Kommunar og næringsliv ynskjer også ei arm mot Geirangervegen, slik at ein kan ha vintersikker veg til Geiranger.

– Ikkje minst må tunnelen kome med omsyn til komande tryggleikskrav, som dagens veg ikkje oppfyller. Vi synest at denne utgreiinga til vegvesenet talar veldig positivt når det gjeld Strynefjellet, seier Sunde.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå