NRK Meny
Normal

Parkerer ein bil på kvar side for å unngå lang omveg etter stenging av fylkesveg

Fylkesveg 57 mellom Dalsøyra og Sløvåg kan i verste fall bli stengt i opp til tre månadar. Det stadfestar Statens vegvesen. Pendlarane gjer det beste ut av det.

Ras Dalsøyra

LANGVARIG: Folk i Gulen må belage seg på langvarig arbeid ved rasstaden på fylkesveg 57.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Vi gjer grunnundersøkingar no for å sjekke bereevna til massane under vegen. Resultatet får vi i neste veke og utbetringa vil starta etter det, seier prosjektleiar for drift i Sogn i Statens vegvesen, Leif Henning Øyre.

Avisa Nordhordland omtalte saka først med å varsle at stenginga kunne ta fleire veker. No stadfestar vegvesenet at stenginga kan ta fleire månadar.

– I beste fall kan vegen opne att etter fem-seks veker. I verste fall vil det ta to til tre månadar, seier Leif Henning Øyre.

Årsaka er uvisse om vegen kan byggast opp att som han var. Eller om vegvesenet blir nøydd til å skifte ut heile grunnen under vegbana.

(Saka held fram under kartet)

Laster kart, vennligst vent...

OMKØYRING: For dei som skal køyre mellom Dalsøyra og Sløvåg og bur på feil side av raset, blir omkøyringa halvannan time lengre enn vanleg, ifølge Google Maps. Kvar veg.

Bil på kvar side

Dagleg er det fleire som pendlar frå nordsida av fylkesvegen, mot Sløvåg og Masfjorden. Vegstenging betyr opp mot halvannan time med omveg for mange av dei – kvar veg.

Ei av dei som pendlar forbi strekninga kvar dag er Marit Andersen Nesse. Ho jobbar ved sjukeheimen i Masfjorden.

– Eg har prøvd å innrette meg på beste måte med å plassere ein bil på kvar side av raset, seier Andersen Nesse.

Mange har tenkt som ho, det står mange bilar parkert ved fylkesvegen langs Moldereina.

Nesse ser mørkt på utsiktene til at det kan to-tre månadar før vegen opnar att, og håpar vegvesenet får på plass ein omkøyringsveg.

– Det er ikkje alle som har moglegheit til å parkere på kvar side. Dei må pendle om Kringla og E39.

– Vi er likevel heldige som har både post, ambulanse og butikk på nordsida. Så dagleglivet går greitt. Men eg veit at dei har avlyst ting på skulen fordi det var vanskeleg å gjennomføre, seier Andersen Nesse.

Rasa ut

Fylkesvegen har vore stengt sidan natt til 9. november då 20 meter av vegen rasa ut. Over 50 elevar kom seg ikkje på skulen.

Vegvesenet har alt etablert ein gangveg for skuleelevane forbi rasstaden. Den fungerer tilfredsstillande, ifølge prosjektleiar Øyre.

Vegvesenet vil også prøve å bygge ein ombyggingsveg for pendlarane.

– Vi arbeidar også med å få på plass ein mellombels omkøyringsveg. Om vi får dette til, blir avklart i løpet av neste veke, seier Øyre.

Ras Dalsøyra i Gulen
Foto: Thomas Brakstad / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.