Hopp til innhold

Fryktar det blir glissent på tribunane

Vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann kan bli spelt for tomme bortetribuner. For kampen er lagt til ein tysdag, midt i ei vanleg arbeidsveke.

Sogndal - Brann

HÆRFØRAREN: Azar Karadas stod fremst i krigen då Sogndal i fjor vår vann 3–1 mot erkerivalen Brann på Fosshaugane. I år kan kampen bli spelt for tomme bortetribuner.

Foto: NRK

Bataljonen i Bergen har allereie kansellert bussen som skulle køyre Brann-supporterar til Sogndal. Den enkle grunnen er at for få har meldt seg på.

I år tek nemleg Sogndal imot storebror Brann på ein tysdag, og kampen i morgon står i fare for å ikkje bli den folkefesten den brukar vere.

Leiar i Baataljonen, Roger Lillebøe-Hansen, seier kampen mellom dei to vestlandslaga normalt er ein stor fest.

– Konsekvensen av at dette er ein tysdagskamp er heilt klart at det blir mindre folk på Fosshaugane den dagen, ja, seier han oppgitt.

Mange droppar turen til Sogn

I den tiande serierunden tek laget i saftbygda imot Brann på Fosshaugane. Det skjer i morgon, tysdag kveld klokka 19.

Dermed blir det vanskeleg for bortesupportarane å ta turen frå Bergen til Sogn. Roger Lillebøe-Hansen i Brann sin supportarklubb legg ikkje skjul på at han ikkje har sansen for kampar midt i ei vanleg arbeidsveke.

– Grunnlaget for til dømes å setje opp ein buss til Sogndal er for dårleg. Vi vil tape for mykje pengar på å setje opp ein buss, og har difor ikkje gjort det til no, seier han.

Må unngå krasj

Årsaka til at det i år blir slike midtvekekampar er i hovudsak at vårsesongen starta seint.

I tillegg er det lagt inn pause i serien for at den ikkje skal krasje med fotball-VM og landslaget sine førebuingar til EM-kvalifiseringa. Ifølgje Norges Fotballforbund har dette gjort at kampar må gå midt i veka.

Vidar Vadseth, leiar i Saftkokaradn, meiner dette i praksis er å øydelegge for storkampen i Sogndal.

– Dette ville normalt sett ha vore ein folkefest i bygda, men mykje folk og masse tilreisande bergensarar. No har dei lagt kampen til ein tysdag, noko som hindrar mange bergensarar å ta turen.

– Fotballforbundet har på denne måten teke frå oss ei god oppleving meiner eg, seier han frustrert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gustav Valsvik

DUELL: Gustav Valsvik i duell med ein av dei raudkledde Brann-spelarane under eit tidlegare oppgjer mellom dei to vestlandslaga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Vanskeleg å skulde på forbundet

I både Bataljonen og Saftkokaradn fryktar supporterleiarane at resultatet av tysdagskampen kan bli at Sogndal og Brann spelar for nesten tomme bortetribuner.

Men i Norges Fotballforbund er dei klare på at supporterane ikkje kan skulde på dei. Nils Fisketjønn som er leiar i konkurranseavdelinga seier det var toppklubbane sjølve som ønska ein tidleg sesong.

– Det er vanskeleg å skulde på fotballforbundet. Det var eit stort ønskje frå klubbane å få starte serien noko seinare enn det som har vore normalt dei siste åra.

– Ein av konsekvensane er midtvekekampar, og så forstår eg det er noko supporterane reagerer på, men det var altså eit stort ønske frå klubbane, seier han.

– Dette skulle ha vore ein fest

Roger Lillebøe-Hansen i Bataljonen synst likevel det er synd at dette skal øydelegge for folkefesten.

– Normalt sett er det ein fest i Sogndal når dei får Brann på besøk.

– Skal du sjølv på kampen?

– Nei, eg har mest truleg ikkje høve til å reise opp sidan det er på ein kvardag, sukkar han.