NRK Meny
Normal

Kan bli søkkrik storkommune over fylkesgrensa

MYRKDALEN (NRK): Aurland, Vik og Voss skal greia ut samanslåing over fylkesgrensa. Det kan bli ein storkommune rik av kraftinntekter.

Laster kart, vennligst vent...

KRAFTKOMMUNAR: Dette kan bli ein av dei rikaste kommunane på Vestlandet.

– Det er veldig positivt at Aurland, Vik og Voss seier ja til å greia ut ein mogleg storkommune, seier Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap), som ivrar for ei samanslåing.

Ringkjøb samla torsdag formannskapa i Aurland, Vik og Voss i Myrkdalen. Han la press på gjestene for å få dei til å ta stilling, og ikkje trø vatnet.

– Verdas vakraste kommune

– Ein storkommune kan realisera samferdsleprosjekta som er viktige for oss, som utbetring av E16 og Bergensbana, samt bygging av Vikafjellstunnelen. Betre vegar vil knyta oss saman og kopla oss på den sterke veksten i bergensområdet, seier Ringkjøp.

Voss-ordføraren meiner ein ny storkommune òg styrkjer reiselivet:

– Me er midt i hjarta av fjord-Norge og kan faktisk bli verdsleiande i denne vekstnæringa, med mellom anna fjordane og Flåmsbana.

Styrtrik på kraft

Ei samanslåing av Aurland, Vik og Voss vil løysa ut store kraftinntekter, cirka 20 millionar kroner i året.

– Ein storkommune vil ha eit større kraftforbruk og kan difor henta ut konsesjonskraftpengar som i dag går til Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette er pengar som kommunane i dag ikkje kan nytta. Kva annan kommune har eit kraftfond med årleg utbyte på 20 millionar kroner, spør Ringkjøb retorisk.

Møte i Myrkdalen

VOSS MÅ VERA RAUSE: - Det blir ikkje kommunesamanslåing dersom den største kommunen ikkje er raus, og tenestene må bli fordelte ut i heile storkommunen, seier Aurland-ordførar Noralv Distad (t.v.), her saman med ordførar Marta Finden Halset i Vik og Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Finden Halset positiv

Dei tre formannskapa følgjer Ringkjøb langt på veg. Iveren er størst blant dei folkevalde i Voss og Vik. Skepsisen kom til uttrykk blant einskilde aurlandspolitikarar.

Avtroppande ordførar Marta Finden Halset (Ap) i Vik er derimot for ei samanslåing med Voss og Aurland – men med ein Vikafjellstunnel som klar føresetnad.

– Personleg trur eg ei eventuell kommunesamanslåing er framtida for regionen vår, men sjølvsagt er det folket som skal seia si meining, seier Halset.

Skepsis i Aurland

I Aurland står sjølvstendetanken sterkt. Det har kome fram på fleire folkemøte i kommunen.

– Me har bra inntekter, og me kan gi innbyggjarane gode tenester. Samstundes er ikkje aurlendingane motstandarar av å greia ut alternativ, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Ordførarane og rådmennene i dei tre kommunane skal om kort tid møtast for å laga eit utgreiingsmandat for det som kan bli ein storkommune over dagens fylkesgrense.