Hopp til innhold

Politidistriktet kan bli slått saman med Sunnmøre

Hordaland er ikkje lenger einaste alternativ for kva politidistrikt Sogn og Fjordane kan bli slått saman med. – I seinare tid har vi høyrt snakk om samanslåing nordover mot Møre og Romsdal, seier fylkesleiar Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund.

Kjetil Drange

VENTAR AVGJERD: Kjetil Drange, fylkesleiar i Politiets Fellesforbund, ser fram til å få avgjort om Sogn og Fjordane politidistrikt får stå åleine, eller om dei blir slått saman med Hordaland eller Sunnmøre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

VG skriv i dag at det kan bli mellom ti og 12 politidistrikt i framtida, men at det framleis står att avklaringar i vest.

Medan samanslåing med Hordaland har vore mest aktuelt før, ser politikarane også nordover no.

– Det er vanskeleg å seie om nordover eller sørover er best, men det viktigaste for oss er å lage den beste tenesta for publikum, seier Kjetil Drange til NRK.

– Like barn leikar best

Politianalysen føreslår å leggje ned 150 av dei over 350 kontora til politietaten. Det er vart også føreslått å kutte tal politidistrikt frå dagens 27 til seks.

Drange seier det vil vere fordelar og ulemper uansett kva retning politidistriktet blir slått saman. Sunnmøre politidistrikt består av 17 kommunar og kring 142.000 innbyggjarar. Til samanlikning er det 30 kommunar og 453.800 innbyggjarar i Hordaland.

– Det er noko med omgrepet like barn leikar best – i storleikssamanheng er vi meir lik Sunnmøre enn Hordaland. Når ein er like store, så er det større sjanse for å få gjennomslag for det ein ynskjer. Samstundes er det mykje større økonomiske råmer sørover, seier han.

Ser fram til avgjerd

Det har gått eitt og eit halvt år sidan utvalsleiar Arne Røksund presenterte politianalysen. Analysen vart bestilt av dåverande justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap) for å få eit fagleg grunnlag for å organisere framtidas politi- og lensmannsetat.

I Politianalysen blei det foreslått å legge ned 150 av de over 350 kontora til politietaten. Noko endeleg avgjerd er ifølgje VG ikkje venta før i slutten av månaden eller starten av februar.

– Vi ser fram til å få ei avgjerd i saka. Å gå i uvissa er inga behageleg posisjon, seier Drange.

Strid om punkt

Etter det VG kjenner er regjeringspartia usamde med Venstre om fleire punkt. Dette gjeld mellom anna organiseringa i nord. Dei er heller ikkje samde om kor sentralstyrt politiet skal vere og kven som skal utnemne politimeistrane.

Høgre og Frp vil gje denne fullmakta til politidirektøren, medan Venstre vil at politimeistrane framleis skal utnemnast av Kongen i Statsråd.

– Det er rett at desse to spørsmåla har vore diskutert, men eg vil ikkje uttale meg om dette har vore vanskelegare eller lettare å løyse enn andre spørsmål, seier Iselin Nybø (V) til avisa.