Teori og praksis er to forskjellige ting, vedgår styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes. For mykje tyder på at det berre blir ei ordinær fødestove i Lærdal frå årsskiftet.
Uvillige kirurgar, jordmødre...
For det første nektar kirurgane på sjukehuset i Lærdal å gå inn i ein beredskap for naudkeisarsnitt. Og Helse Førde kan ikkje pålegge kirurgane å gjere dette.
Men det er fleire skjær i sjøen for Helse Førde. For halvanna veke sidan sa alle jordmødrene opp stillingane sine i protest mot vedtaket om å gjere fødeavdelinga i Lærdal om til ei forsterka fødestove.
...og barne- og hjelpepleiarar
Sjølv om Helse Førde greier å få på plass nye jordmødre til nyttår, trugar no ei anna personalgruppe med oppseiingar. Barne- og hjelpepleiarane på fødeavdelinga er frustrerte over den vanskelege arbeidssituasjonen etter at jordmødrene slutta. No vurderer altså dei også å gjere det same som dei tidlegare kollegaene sine.