Kravet frå staten er at sjukehusa skal kome i økonomisk balanse innan utgangen av 2005. Innsparingane blir ei utfordring, seier Bolstad.
- Vi vil bruke mykje ressursar og tid på å reindyrke den klinikkorganiseringa vi vedtok i mai, og håpar at også den kan gi effektar i forhold til økonomi, seier han.
Har ikkje oversikt over rammene
75% av utgiftene til Helse Førde er lønsutgifter, og skal ein kutte mykje må ein få ned den utgiften, seier Bolstad. Ein reduksjon i sjukefråværet på ein prosent kan gi mange millionar i kassen, og det er denne typen tiltak Bolstad vil ha hovudfokus på framover. Men han kan ikkje utelukke oppseiingar, sidan han ikkje veit kva rammer dei får neste år.