Hopp til innhold

Kan bli ny publikumsrekord i Florø

Neste helg er det klart for seriefinale når Nest-Sotra gjestar Florø. Vinn Florøværingane blir det opprykk til førstedivisjon. Det skaper fotballfeber i kystbyen.

Cupfest i Florø.

KAN BLI SLIK: Slik såg det ut då Florø sette publikumsrekord mot Brann i 2012.

Foto: Truls Kleiven

Harald Gjervik og Simen Reksten Solheim

SUPERSTJERNER: Harald Gjervik fortel at florøsplarane har blitt superstjerner i byen.

Foto: Florø Fotball

– Salet har gått strålande, det venta vi og på førehand. No er det ikkje berre sitteplassar som kan bestillast på førehand, vi ønskjer at så mange som mogleg gjer det. Vi passerte 800 selde billettar for ei lita stund sidan, seier Harald Gjervik i Florø fotball.

Florø sin publikumsrekord er på 3300, den vart sett på ein cupkamp mot Brann i 2012. Gjervik trur den rekorden kan ryke og fortel at dei har utvida opningstider slik at folk skal få kjøpe billettar.

– Vi ventar at det blir ein oppsving i salet no når arbeidsdagen er over. I kveld kjem vi til å halde ope til klokka sju. Vi håpar å slå rekorden, men vi har ikkje moglegheit til å sette opp mobile tribunar slik vi hadde den gongen. Vi skal lage til ståplassar rundt bana, og eg trur vi skal klare å passere rundt 3500 tilskodarar.

God stemning

Florøspelarane feirar 3-0 skåringa

JUBEL: Det har blitt mykje jubel for Florø denne sesongen. Her mot Vidar.

Foto: Rune Eikeland

Det er ikkje berre finvêret som har skapt godt humør i kystbyen måndag. Gjervik fortel at den komande fotballfesten skaper god stemning i byen.

– Det er ein blanding av at folk er nervøse for det som skal skje og at folk er svært begeistra over at det skal vere ein slik storkamp her i Florø. Når ein går i byen og møter folk så smiler alle. Spelarane har blitt superstjerner, folk stoppar dei på gata for å snakke med dei. På laurdag blir det fest, dette er utan tvil den viktigaste fotballkampen i Florø si historie.