Hopp til innhold

Kan bli ny fylkesleiar i Høgre

Valnemnda i Høgre innstiller på ordførar i Aurland, Noralv Distad, som ny leiar for fylkespartiet.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

KN BLI NY HØGRELEIAR: Valnemnda i Sogn og Fjordane innstiller på Noralv Distad som ny fylkesleiar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Dette blir spanande, no er eg innstilt som kandidat og så blir det opp til årsmøtet å gjere det endelege valet seier, Noralv Distad.

Valnemnda har innstilt han som førstekandidat. Innstillinga frå valnemnda vart gjort med 5 – 2, der mindretalet ynskte Grønnevik.

Mest samlande

Høgre gjekk markant tilbake i fylkestingsvalet i fjor haust, og partiet har fått kritikk for politikken som H-Frp-regjeringa fører, i saker som politireform og fylkeskommuneøkonomi.

Vidar Grønnevik frå Flora held fram som første nestleiar og Olin Henden frå Gloppen som andre nestleiar.

Lars Trygve Sæle

VIL HA NY LEIAR: Lars Trygve Sæle er leiar i valnemnda til Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi meiner Distad vil vere den mest samlande kandidaten for fylkespartiet, seier Lars Trygve Sæle som er leiar i valnemnda i Sogn og Fjordane.

Leiarstrid

Men før jul brygga det opp til leiarstrid i partiet, etter at noverande leiar Arve Mjømen ombestemte seg og ville stille på igjen. I lokallaget i Sogndal meinte dei at fire år med Arve Mjømen som fylkesleiar var nok og gav valnemnda beskjed om at dei ynskte 1. nestleiar Vidar Grønnevik frå Florø som ny leiar.

Det førte til at unge Høgre kom på banen og slo ring om Mjømen . Men då valnemnda møttest laurdag, trekte Mjømen seg som kandidat.

Arve Mjømen

GIR SEG: Fire år som fylkesleiar er nok for Arve Mjømen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er ei avgjerd som er i tråd med det som eg sa på landsmøtet. Då eg sa eg ville stille på igjen, så var det nok litt fordi eg vart smigra av alle lokallaga som oppmuntra meg til å fortsette, seier Mjømen.

– Kva er det som har endra seg?

– Julehelga var god å bruke til å tenke i, etter som tida har gått har eg kome til at det er andre ting eg ynskjer å bruke tida mi på. No er avgjerda tatt og eg ikkje kandidat, seier Mjømen.

Konflikten

Før jul blussa det og opp ein konflikt mellom fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen og leiar i Unge Høgre Amanda Solvåg. Solvåg har skulda Torsvik Myrvollen for mobbing og trakassering, der er no generalsekretæren i partiet kopla inn. . Myrvollen avviser skuldingane.

Mjømen legg ikkje skjul på at denne konflikten har vore medverkande til at han ikkje tar attval som leiar i Høgre.

– Det er klart at slikt slit på ein fylkesleiar, og det er ikkje til å legge skjul på at det har vore ei medverkande årsak til at eg har kome til den avgjerda eg har gjort, seier Mjømen.

Fokus på moglegheiter

Dersom Distad skulle bli vald til ny leiar på årsmøtet til partiet i Loen siste helga i februar, vil han rette fokus på dei gode moglegheitene han meiner fylket har.

– Då treng vi gode rammevilkår i Sogn og Fjordane i form av gode samferdsleløysingar, og gode vilkår for næringslivet, noko som denne regjeringa legg opp til. Vi skal og spele på lag med dei sentrale styresmaktene, men samstundes vere eit talerøyr for interessene i Sogn og Fjordane, seier Distad.