Kan bli lenkegjeng mot kraftline

Etter at regjeringa sa ja til gigantlina i Hardanger, fryktar kraftlinjemotstandarar at avgjerda skal skape presedens også lenger nord på Vestlandet.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger

AKSJONAR: Sosialistisk Ungdom i Sogn og Fjordane trugar med aksjonar mot kraftlina mellom Ørskog og Fardal. Biletet er frå ein demonstrasjon mot kraftlina i Hardanger.

Foto: NRK

- Eg trur dette set standarden for seinare vedtak, og at det no vil bli lettare å gå inn for kraftline også her, seier Alma Andersen Øydvin.

Ho er fylkessekretær i Sosialistisk Ungdom, og fryktar konsekvensane av at regjeringa fredag gjekk inn for å byggje ei gigantisk kraftline tvers gjennom Hardanger.

Meiner vedtaket skaper presedens

Miljøforkjemparar er redd avgjerda i regjeringa kan bane veg for den mykje omdiskuterte kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre.

Direktør Asgeir Aasen i Norges vassdrags- og energidirektorat meiner vedtaket skaper presedens.

- Dette stadfestar at det berre heilt unntaksvis er aktuelt kable på dette spenningsnivået, seier han.

Kraftlinje Sogn - Sunnmøre

SLIK: Dette er planane for gigantlina mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn.

Foto: Statnett

- Håpar på rask avgjerd

Statnett har fått konsesjon på ei om lag 300 kilometer lang kraftline frå Ørskog på Sunnmøre til Fardal i Indre Sogn. Det er det aukande kraftunderskotet i Møre og Romsdal, kombinert med planar om ny kraftproduksjon i Sogn og Fjordane, som gjer at det er behov for denne lina.

No trur også Senterparti-ordførar Jenny Følling i Gaular at det går mot kraftline-ja i Sogn og Fjordane.

- Når regjeringa no skjer igjennom på eit såpass kontroversielt prosjekt som det var i Hardanger, så ventar eg vel at det blir gjennomslag og vedtak for lina også gjennom fylket vårt. Eg håpar avgjerda kjem så fort som saksbehandlinga er ferdig, seier ho.

Kan bli lenkegjengar i protest

Alma Andersen Øydvin

VIL LENKE SEG: Alma Andersen Øydvin vil gå til sivil ulydnad for å stoppe kraftlina.

Foto: Privat

Det kan i tilfelle bety at miljøforkjemparane legg seg i lenker i protest.

- Vi planlegg aksjonar, og er villige til å gå så langt som til sivil ulydnad, seier Alma Andersen Øydvin.

- Er det mogleg å få til lenkegjengar i Sogn og Fjordane?

- Eg håpar det. Vi veit det er mange som kjempar for dette. Og eg trur ikkje slaget er tapt enno.

Kraftlinje

GIGANTLINE: Biletet syner eksisterande kraftline i Fardal i Sogn.

Foto: Heidi Lise Bakke/Thomas Hellum / NRK