NRK Meny
Normal

Kan bli lagt under Helse Bergen

Heile Helse Førde kan bli lagt under Helse Bergen dersom uroa kring sjukehusa held fram. Det fryktar styreleiar Clara Øberg.

Clara Øberg
Foto: NRK

I går orienterte ho fylkestingspolitikarane om den økonomiske situasjonen for Helse Førde, og mana fylket til å dra i same retningen når det gjeld sjukehustilboda.

- Redd for lagnaden på lang sikt

- Dersom vi heile tida framstår med mykje uro og ikkje greier å dra lasset saman så er eg redd for lagnaden vår på lang sikt, og då kan resultatet ver at vi blir lagt inn under Helse Bergen, sa Clara Øberg.

- Ikkje for å avskjere debatt

Fylkespolitikarane fekk i går høyre om dei 20 millionane Helse Førde må spare inn i år. Det vart ikkje peika på korleis dette skal skje, styret i Helse Førde skal handsame det neste veke. Men det vart orientert om prioriteringane av eldre, kreftsjuke, rehabilitering, psykiatri, og rus. Det vart ingen debatt, men ei sterk oppmoding om å stå saman. Øberg nekta likevel for at ho gjer eit forsøk på å avskjere sjukehusdebatt.

- Nei, det er eit forsøk på å få folk til å dra lasset saman, for om vi likar det eller ikkje, så manglar vi 20 millionar kroner. Det må vi ta inn over oss.

- Har du inntrykk av at folk i Sogn og Fjordane ser faren ved den turbulensen vi har?

- Jau, det er nokon som ser faren, men ein del av dei vil bruke situasjonen, og slik er det berre.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.