Hopp til innhold

Kan bli privat ungdomsskule

Sogn og Fjordane kan få sin fyrste privateigde ungdomsskule, når Kjølsdalen Montessoriskule no vil søkje om å få utvide.

Kjølsdalen skule

FØRST: Kjølsdalen Montessoriskule kan bli den første private ungdomsskulen i fylket, om søknaden går gjennom.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Barneskulen har i dag 38 elevar. Om Utdanningsdirektoratet godkjenner søknaden, vil Kjølsdalen ha Montessori-undervisning frå barnehage fram til vidaregåande skule. Rektor Thomas Poul Reines Hals er spent på mottakinga.

– Ja, det er eg. Det er veldig få som faktisk veit kva det inneber å ha ein ungdomsskule i Montessori-miljøet, seier rektoren.

Vil ha eit heilskapleg skuleløp

Thomas Poul Reines Heines

REKTOR: Thomas Hals

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ved ein Montessorri-skule skal elevane jobbe meir sjølvstendig, ha ro og orden og konsentrasjon. Undervisninga er meir praktisk enn i ein offentleg skule.

Rektoren trur mange av borna vil ha godt av å møte dei same prinsippa også i ungdomsskulen, og ønsker eit heilskapleg løp frå barnehage til vidaregåande.

–Vi skal ikkje vere ein nedlagt grendeskule. Vi skal vere ein Montessori-skule som er eit heilt tydeleg pedagogisk alternativ.

– Den offentlege skulen er glimrande

Ein privat ungdomsskule kan få følgjer for den offentlege skuledrifta i Eid. Kommunen kan gi høyringssvar når søknaden er klar, men per no vil ikkje skule- og fritidssjef Harald Sivertsen meine for mykje.

Harald Sivertsen

SKULESJEF: Harald Sivertsen.

Foto: Asgeir Reksnes(MMS) / NRK

– Dersom dei ønsker det veldig sterkt trur eg ikkje vi kan seie nei til det. Ungdomsskulen vi har i Eid i dag er glimrande. Den vil framleis vere ein god ungdomsskule viss det skulle vere aktuelt med noko alternativ her, seier han.

Glad det finst eit tilbod

Så langt har skuleutvidinga i Kjølsdalen vore ei sak for styre, tilsette og elevråd. Men dette er også eit dilemma for foreldra. Ein ungdomsskule i Kjølsdalen vil ha kring seks elevar per klassesteg. Til samanlikning har Eid ungdomsskule nær 300 elevar.

Cato Albrigtsen

FAU-LEIAR: Cato Albrigtsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

FAU-leiar Cato Albrigtsen seier foreldrerådet ikkje har drøfta saka, men er positiv til å få problemstillinga på bordet. Familiefaren er avventande til kva han meiner er best for deira barn, som om nokre få år kan få valet.

– Det er veldig bra det finst eit tilbod, så får ein ta ei vurdering seinare på om ein skal nytte det eller ikkje, seier Albrigtsen.

Trur ikkje kompetanse blir eit problem

Mange private skular på bygda strevar med å få tak i nok lærarar med alternativ kompetanse.

– Vi er ganske godt stilte når det gjeld kompetanse, og ser faktisk at vi kan utvide. Dersom vi har pengar til det, vil vi ganske raskt få på plass folk som kan vere med oss vidare på ungdomsskuleløpet, seier rektor Hals.