Kan bli føregangsfylke

Sogn og Fjordane kan bli føregangsfylke innan økologisk landbruk.

Sogn jord og hagebruksskule i Aurland

Sogn jord og hagebruksskule i Aurland har vore eit senter for økologisk landbruk i fylket.

Landbruksdepartemenet fekk 18 søknader, og saman med Hordaland er Sogn og Fjordane ein av fem søkjarar som blir med vidare til neste runde.

- Store utsikter

- Økologisk frukt og bærdyrking er eit område med store utsikter, seier Truls Folkestad hos landbruksavdelinga.

Han har stor tru på at Sogn og Fjordane blir valt ut.

Meir pengar

Ein status som føregangsfylke betyr meir ansvar og meir pengar til å satse på økologisk landbruk. Søknaden frå Sogn og Fjordane omfattar prosjekt på til saman 15 millionar kroner.