Hopp til innhold

Det kan bli få Brann-fans på tribuna

Det kan bli tynt i rekkjene av Brann-supporterar på Fosshaugane søndag. To dagar før kamp er det berre selt 70 billettar til oppgjeret mot Sogndal.

Sogndal - Brann

LABER INTERESSE: Brann fekk 300 billettar til Sogndal-kampen, men har til no berre selt 70 av dei.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det har vore overraskande lav interesse, vedgår salssjef i Brann, Dag Frode Algerøy.

Medan Brann er på trygg grunn og vel så det, heng Sogndal i eit tynt snøre. Dei bør vinne på søndag skal dei halde seg i den øvste divisjonen.

I Sogndal trur arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad på fulle tribunar, men slik det ser ut no kan det altså bli fleire hol på tribunen der bortefansen har fått plass.

Men salssjefen i Brann trur framleis dei skal få med seg litt fleire enn 70 sjeler.

– Vi har ein heil dag i dag, og i morgon, så eg reknar med vi sel ein del fleire billettar, seier Algerøy, som likevel ikkje trur dei får selt alle.

– Sesongen er over for oss

Alt såg så bra ut for Sogndal sin del for nokre veker sidan, men så gjekk det bokstavleg talt fort nedover. Sist helg skulle dei sikre seg plassen i eliteserien med siger over Stabæk, i staden tapte dei og går inn i siste serierunde med kniven på strupen.

For mange kan oppgjeret mellom storebror og veslebror på Vestlandet bli i overkant spennande, for dei som heiar på Sogndal vel å merke. Brann ligg komfortabelt på den øvre halvdelen av tabellen.

Dag Frode Algerøy som er salssjef i Brann trur dei dårlege prestasjonane til raudtrøyene er ei viktig forklaring på den heller dårlege interessa før siste serierunde.

– Vi har ikkje hatt den store sesongavslutninga, så ærlege må vi vere. Vi har tre tap på dei tre siste kampane, og det betyr at sesongen har vore over for oss no.

– Vi hadde sjanse på ein fjerdeplass i serien og ein cupfinale som rauk i semifinale, så mange av supporterane har nok byrja drøyme om «the double» for 2013, seier salssjefen til NRK.no.

Får ikkje kjøpe billett i Sogndal

Han trur også at ein del fans trur dei kan kome til Sogndal og kjøpe billett til tribunen for bortesupporterane der, men det går altså ikkje.

– Dei har nok ikkje tenkt over at dei må kjøpe billett på førehand, seier Algerøy.

Då Sogndal vitja Bergen 16. mai i år rakna det fullstendig for sognelaget. På berre tolv minutt i andre omgang putta vertane fire mål og vann til slutt 5–0.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann jublar - Sogndal deppar

KOLLAPS: Sogndal kollapsa fullstendig då dei tapte 5–0 mot Brann i vår. Når dei to laga møtest søndag bør laget frå saftbygda vinne skal dei ha sjanse til å halde seg i eliteserien.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Trur på fullt hus

I Sogndal bur arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad seg på fullt hus. Han seier dei til no har selt rundt 4400 billettar av litt over 5600 dei har plass til. På spørsmål om det blir ledige seter svarar han slik.

– Om det ikkje blir heilt fullt, så blir det iallfall tilnærma fullt, seier Heggestad.

Han oppmodar folk til å kjøpe billettar på førehand, både for å unngå billettkø på sjølve kampdagen, men også for å i det heile teke sikre seg billett. På søndag blir det lagt ut minst 200 restbillettar. I fjor stod folk i lange køar då dei siste billettane vart lagt ut, i år opnar salet tidlegare.

– Erfaringa frå i fjor med lang billettkø gjer at vi på søndag opnar billettluka klokka 12. Vi håpar at det skal hjelpe med å få unna trafikken, seier Heggestad som er trygg på at det blir over 5000 menneske på kampen.

– Den tolvte mann er viktig

Salssjefen i Brann har framleis trua på at det kan bli fleire enn 70 i raudt på tribunane.

– Det er alltid fantastisk for våre spelarar og trenarar å kome til ein bortearena og møte ein haug med eigne supporterar. Den tolvte mann er ein viktig støttespelar for oss, så det er viktig med mange supporterar.

– Mi oppmoding er å kjøpe billett i Brann-butikken på førehand og kome opp og støtte laget i den siste kampen.