NRK Meny
Normal

Han kan bli medaljegrossist i årets friidretts-NM

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø er det klart sterkaste kortet frå Sogn og Fjordane i NM i friidrett i Tønsberg, men det er fleire medaljekandidatar.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MEDALJEGROSSIST? Øyvind Strømmen Kjerpeset er i knallform for tida.

Foto: Thore-Erik Thoresen

Dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk friidrett Sogn og Fjordane seier at med litt klaff kan det bli ein av dei beste meisterskapane for vårt fylke.

Det skal rett nok godt gjerast å toppe medaljefangsten frå NM på Byrkjelo i 2011, då det vart så mange som 15 medaljar til utøvarar frå Sogn og Fjordane.

Narve Heggheim

HÅPAR PÅ TO GULL: Dagleg leiar Narve Heggheim i Norsk friidrett Sogn og Fjordane.

Foto: privat

– Håpar på minst to gull

– Dersom vi tek sju-åtte medaljar skal vi vere veldig godt nøgde, og vi håpar at minst to av dei skal vere gull. Vi kan sjølvsagt ikkje dele ut noko på førehand, for det er mykje som spelar inn, men vi har mange som kan ta medalje.

Og det fremste håpet er Øyvind Strømmen Kjerpeset.

– Han er soleklar gullkandidat på 400 meter hekk, som er hans favorittdistanse. Men i tillegg har han prestert veldig bra på sprint, 100 og 200 meter. På desse distansane har han nest beste tider i landet bak Jaysuma Saidy Ndure.

Men Heggheim seier at det blir stor belastning på talentet frå Florø fordi det blir veldig mange løp, med kvalifisering på alle tre distansane. Ut frå førehandsresultata skal Strømmen Kjerpeset i teorien raske med seg tre medaljar.

Uvisst om Jays deltek

Kva plassering det blir på 100 og 200 meter er mellom anna avhengig av om Jaysuma Saidy Ndure stiller til start. Han skal vere med i eit Diamond League-stemne torsdag kveld, og difor er det ikkje sikkert at han stiller på begge sprintdistansane i NM.

(Artikkelen held fram under biletet).

Marte Rygg Årdal

KAN TA GULL: Marte Rygg Årdal er ei av tre som kan ta gull i slegge.

Foto: Sander Heggheim

Trona i slegge er ledig

I slegge for kvinner er det grunn til å rekne med at Sogn og Fjordane kan ta to medaljar.

– Det er litt spesielt i år, for Mona Holm, som har teke gull dei siste åra, er ikkje med. Ho ventar småfolk. Det opnar for Trude Raad og Marte Rygg Årdal, begge Gloppen FIL, til å kjempe om gull i lag med ei som heiter Katja Vangsnes. Dei tre er nokså jamne.

Narve Heggheim trur at veteranane Steinar Kleppe frå Florø og Elin Isane frå Gloppen kan vere med og kjempe om medaljar i høvesvis slegge og diskos.

(Artikkelen held fram under biletet).

Merete Helgheim tok sølv i kappgang

SIKRA GULL PÅ FØREHAND? Merete Helgheim er einaste påmelde på 3000 meter kappgang.

Foto: Rune Fossum / NRK

Utropt til største gullfavoritten

I kappgang har NM-arrangøren utropt Merete Helgheim, Gloppen, til den største gullfavoritten i årets NM. Årsaka er enkel: Ho er den einaste deltakaren som er påmeld i 3000 meter kappgang.

Henrik Holmberg frå Vik har i vinter trena og studert i USA og har forbetra resultata sine sidan i fjor og kan ifølgje Heggheim ha god sjanse på eit par medaljar.

– Han tok medalje i høgde i fjor, og ut frå resultata frå USA er han i medaljesjiktet i både høgde og lengde. Det blir spennande å sjå.

(Artikkelen held fram under biletet).

Inger Anne Frøysedal tok sølv i lengde

MEDALJEKANDIDAT: Inger Anne Frøysedal frå Oppstryn har vore skadd i lang tid, men er no klar igjen.

Foto: Rune Fossum / NRK

To utøvarar frå Sogn og Fjordane som stiller for klubbar utanfor fylket er og medaljekandidatar. Det er Inger Anne Frøysedal (frå Oppstryn) som representerer Tjalve i tresteg og lengde, og Marius Vedvik (frå Førde) som representerer Gular og spring 10.000 meter.

Tor-Inge Øvrebotten Myrhol og Daniel Hessevik frå Svelgen stiller begge i stav. Heggheim er litt usikker på forma deira, men meiner dei kan vere med å kjempe om ein bronsemedalje.

Veteranen Joachim Urdahl er tilbake i Syril og stiller i tresteg, men Narve Heggheim er usikker på om han er i så god form at han kan kjempe om medaljar denne gongen. Men han har teke medaljar før og bør ikkje avskrivast.

Jostein Fossøy, Florø, meiner Heggheim kan vere finalekandidat på 100 meter.

– Han må nok presse persen sin godt ned om han skal ta medalje, så det ventar vi vel ikkje, men ein finaleplass er realistisk.

(Artikkelen held fram under biletet).

Thomas Mardal

FØRSTEREISGUT: Thomas Mardal er berre 16 år og er først og fremst i NM for å sanke erfaring.

Foto: Dag Eliassen

Fire som sankar erfaring

Thomas Mardal, Gloppen, er berre 16 år, og er neppe medaljekandidat. Men han er ein mann for framtida, seier Heggheim. Mardal er påmeld i lengde og på 100 meter.

– Det er flott at ein 16-åring har kvalifisert seg for senior-NM. For han er det snakk om læring og meisterskapserfaring. Det same gjeld Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø, på 100 meter og 100 meter hekk, Evald Osnes Devik, Gloppen i slegge, og Marit Årdalsbakke, Gloppen, i diskos.

Alle desse fire er medaljekandidatar i junior- og ungdoms-NM.

Her er tidsskjemaet for NM i friidrett i Tønsberg med våre deltakarar:

Fredag 23. august:


10:30 100m hekk Kvinner forsøk – Kristi Strømmen Kjerpeset
10:45 Tresteg kvinner kvalifisering – Inger Anne Frøysedal
11:00 400m menn forsøk
11:20 400m kvinner forsøk
11:50 1500m menn forsøk
16:30 Stav kvinner
17:00 Kappgang 3000m kvinner og 5000m menn – Merete Helgheim
17:35 Diskos menn – Henrik Holmberg
17:45 Offisiell opning
18:00 100m hekk kvinner finale –?
18:15 110m hekk menn finale
18:30 5000m kvinner
18:45 Høyde menn – Henrik Holmberg
18:45 Tresteg kvinner finale –?
19:00 5000m menn
19:15 Diskos kvinner – Marit Årdalsbakke, Trude Raad, Elin Isane
19:30 400m kvinner finale
19:45 400m menn finale

Laurdag 24. august:


10:00 100m menn forsøk – Øyvind Strømmen Kjerpeset, Jostein Fossøy, Thomas Mardal
10:30 100m kvinner forsøk – Kristi Strømmen Kjerpeset
11:00 800m kvinner forsøk
11:00 Lengde kvinner kvalifisering pulje 1
11:20 800m menn forsøk
12:00 400m hekk kvinner forsøk
12:00 Lengde menn kvalifisering – Henrik Holmberg, Thomas Mardal
12:15 Lengde kvinner kvalifisering – Inger Anne Frøysedal
15:00 Landsfinale TineStafetten – Førde ungdomsskule
16:00 3000m hinder kvinner
16:15 3000m hinder menn
16:25 Spyd kvinner
16:30 Kule menn
16:30 100m kvinner semifinale
16:45 100m menn semifinale
16:45 Høyde kvinner
17:05 1500m menn finale
17:15 Lengde menn finale
17:20 1500m kvinner finale
17:40 400m hekk kvinner finale
17:50 Spyd menn
17:50 Kule kvinner
17:55 400m hekk menn finale – Øyvind Strømmen Kjerpeset
18:15 100m kvinner finale –?
18:30 100m menn finale –?


Søndag 25. august:

10:30 200m menn forsøk – Øyvind Strømmen Kjerpeset, Henrik Holmberg
11:00 200m kvinner forsøk
11:30 Stav menn- Tor-Inge Øvrebotten Myrhol, Daniel Hessevik
11:30 10.000m kvinner
11:50 Tresteg menn – Joachim Urdahl
12:15 200m menn semifinale –?
12:15 Slegge menn – Steinar Kleppe, Evald Osnes Devik
12:30 200m kvinner semifinale
12:45 800m kvinner finale
13:00 800m menn finale
13:00 Lengde kvinner finale –?
13:45 200m menn finale
13:45 Slegge kvinner – Trude Raad, Marte Rygg Årdal
14:00 200m kvinner finale

14:30 10.000m menn–Marius Vedvik
15:15 1000m stafett kvinner
15:30 1000m stafett menn