Hopp til innhold

Kan bli dyrt for stiftingar utan årsrekneskap

Rekneskapsregisteret i Brønnøysund manglar 395 årsrekneskap frå Sogn og Fjordane. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Hovudårsaka er at mange stiftingar ikkje har fått med seg at dei skal sende årsrekneskapen sin til Brønnøysund. Det kan koste dei dyrt.

Telefonen til seniorrådgivar Tom Plünnecke i Stiftelsestilsynet har kimt seg varm dei siste vekene. Mange stiftingar har fått eit uventa purregebyr frå Rekneskapsregisteret i Brønnøysund, og treng rettleiing frå Plünnecke.

- Dei er ganske stressa over situasjonen med personlege gebyr som kjem. Og det kan opplevast vanskeleg, seier han,

Nye reglar frå 2005

Regelverket vart endra i 2005. Men det er først i år at Rekneskapsregisteret har sendt ut purregebyr til dei som ikkje held fristen.

1. september mangla 395 årsrekneskap frå Sogn og Fjordane. Det er meir enn dobbelt så mange som i fjor. Og det er stiftingane som utgjer den største auken.

Konsekvensen er at det kostar, for purregebyra kan komme opp i 44.000 kroner totalt, fortel avdelingsdirektør Ketil Ingebrigtsen ved Brønnøysundregistra.

- Har vi ikkje motteke årsrekneskapen etter ein viss tid, vil vi sende saken til tingretten for vidare forfølging. Og det fører ofte til tvangsoppløysing, seier han.

- God nok informasjon

Totalt manglar Rekneskapsregisteret over 23.000 årsrekneskap. Men både Rekneskapsregisteret og Stiftelsestilsynet meiner at informasjonen frå dei har vore god nok. Plünnecke i Stiftelsestilsynet peikar på at stiftingane sjølve har ansvar for å gjere seg kjend med nye reglar.

- Reglane har vore ei stund. Når man går inn i drifta av ei verksemd, anten det er eit aksjeselskap eller ei stifting, må man jo sette seg inn i det regelverket som gjeld på området, seier han.