Hopp til innhold

Kan bli dei første som får valfag i klima og miljø

Firda vidaregåande skule på Sandane kan bli den første skulen i Norge der elevane kan velje klima og miljø som valfag.

Emilie Larsen Evebø, Martin Eikeseth Koren, Ragnhild Bjørkum Vassbotn.

IVRIGE: Både elevar og lærarar er oppglødde av tanken på å få eit eige klima og miljøfag ved Firda vidaregåande. Frå venstre Emilie Larsen Evebø, Martin Eikeseth Koren og Ragnhild Bjørkum Vassbotn.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Medan verdas toppleiarar sit saman i Paris for å diskutere korleis vår generasjon kan handtere klimakrisen, vil dei på skulen i Gloppen fokusere på kunnskapen hos dei kommande generasjonane.

No vil dei som første skule i landet starte opp med valfag i klima og miljø.

– Dette er eit stort og viktig tema i dagens samfunn. Om vi får dette faget vil det vere veldig bra, seier elevrådsleiar Ragnhild Bjørkum Vassbotn.

– Får ikkje gå i djupna

Firda vidaregåande sender no inn søknad til Utdanningsdirektoratet der dei ber om å få starte opp faget. Om det blir godkjent kan elevar melde seg opp allereie neste haust. Då får dei fem timar i veka med fokus på klima og miljø.

– Klima og berekraftig utvikling står på læreplanen i veldig mange fag. Men då gjerne som eit lite avsnitt som kvar enkelt lærar avgjer kor mykje ein skal gjere utav. Det blir fort eit tema blant mange andre, og ein får ikkje gått i djupna på det, seier prosjektleiar og lærar ved skulen, Martin Eikeseth Koren.

Han trur at eit eige fag vil gje elevane moglegheita til å sjå problematikken med eit meir overordna blikk.

Firda vidaregåande skule

FØRSTE I LANDET: Firda vidaregåande på Sandane ligg i eit område med både brear og landskapsvernområde i nærleiken. Dette blir viktige faktorar å spele på i undervisninga, seier lærar Martin Eikeseth Koren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ligg midt i smørauget

Han trekk fram fleire faktorar som gjer Firda vidaregåande godt eigna.

– Vi har sterke fagtradisjonar, spesielt på realfagssida. Vi er også plassert midt i smørauget med tanke på geografi og natur i forhold til klimaendringar. I tillegg har vi eit næringsliv i kommunen som er veldig langt framme i det grøne skiftet, seier prosjektleiaren.

Han viser mellom anna til Sogn og Fjordane Energi, Nordfjord Miljøverk og Brødrene Aa. Sistnemnde er verdsleiande når det kjem til energisparing i båtteknologi.

– Unge må bli obs på utfordringane

Seniorrådgjevar Hilde Driscoll i juridisk avdeling i Utdanningsdirektoratet seier det i dag ikkje finst programfag som er identisk med faget dei vil ha på Sandane. Dei skal no vurdere søknaden (sjå faktaboks). Om faget blir godkjent er Emilie Larsen Evebø ei av dei som kan søkje på faget til hausten.

– Klima er eit problem no. Eg trur det er veldig nyttig at alle får sjansen til å lære om det tidleg, slik at vi kan vere med å påverke, seier ho.

Den tanken deler elevrådsleiar Ragnhild Bjørkum Vassbotn.

– Dette kjem til å vere eit problem i lang tid framover. Det er viktig at vi allereie i ung alder blir obs på utfordringane. Vi har om dette i fleire fag allereie, men det overordna blikket manglar.