Hopp til innhold

Brann-fansen kan i verste fall ha kosta Sogndal viktige poeng

Først small det kraftig, så kom røyken. Blusset eller det bengalske lyset som vart avfyrt på Brann-tribunen kan i verste fall betyr at Sogndal misser poeng.

Brann-fansen med pyroeffektar før kampstart

TRØBBEL: Denne hendinga kan føre til at Sogndal vert straffa av Norges Fotballforbund.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fleire hundre Brann-supporterar tok turen til Fosshaugane då Brann søndag møtte Sogndal heime. Men ikkje alle hadde heilt reint mjøl i posen.

I samband med innmarsjen vart det avfyrt anten ein kraftig bluss eller eit bengalsk lys på Brann-supporterane sin tribunedel. Denne typen bruk av fyrverkeri eller bluss er ikkje tillate.

Dag Vestlund i Norges Fotballforbund seier til avisa Firda at dei har fått rapport om hendinga, men han kan utover det ikkje seie noko meir.

Det er for Vestlund uklart korleis bråkmakarane, også omtala som casuals, kom seg inn på stadion. Han understrekar overfor avisa at dette er personar ein ikkje ønskjer å ha på stadion.

– Vi reknar med at rapporten frå delegatane avklarar dette. I tilfelle kan åtvaring, bot eller poengtrekk vere reaksjonen, seier Vestlund på generelt grunnlag til avisa Firda.

Gjennom heile kampen skal politi og vaktmannskap frå Sogndal Fotball hatt oversikt over denne delen av Brann-supporterane, skriv avisa.