NRK Meny
Normal

Kan bli billegare for småkommunane

Justisdepartementet kan vere villige til å endre betalingsordninga for naudnett. Statssekretær Gjermund Hagesæter frå Frp er likevel klar på at det først kan skje etter ei grundig evaluering.

Nødnett radioer

SKILNAD: Distriktskommunar må ut med meir pengar per innbyggar når dei skal utstyre personell med naudnettradioar. Justisdepartementet er klar over den skeive kostnadsfordelinga, men vil ikkje gjere noko før ordninga er evaluert.

Foto: Lars Tore Endresen

– Millimeterrettferdighet over alt i landet det kan vi ikkje ha. Vi har i dag eit system som har verka ei stund, men no skal vi kartlegge kva utslag den har, seier Gjermund Hagesæter, statssekretær i Justisdepartementet.

Gjermund Hagesæter

VENTAR: Statssekretær Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet vil ikkje gjere endringar i betalingsordninga for naudnettet før ei grundig evaluering er på plass.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

NRK har tidlegare fortalt at mange små kommunar må ut med opp mot 300 kroner per innbyggar i betaling for naudnettet i året, medan store byar som Bergen og Oslo berre betalar mellom to og fire kroner. Små sprik kunne ein takla, men så store skilnadar er urimeleg, meiner dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy.

Kan få ned kostnadane sjølve

Årsaka til at det er skilnad i kostnadane er at kommunane i dag betalar ei lik avgift for kvar radio som dei kommuniserer på naudnettet med. I distriktskommunar er brannkorpset gjerne samansett av mange deltidstilsette, som alle må ha kvar sin radio. Dermed treng dei fleire radioar, og kostnaden stig.

Hagesæter seier at det er ting på trappene som kan betre situasjonen.

– I små kommunar så kostar det meir, det gjeld også andre ting. No har vi ei kommunereform som gjer at vi får færre og større kommunar. Samstundes så oppmodar vi i dag brannkorps om å samarbeide over kommunegrensene, slik at dei blir meir slagkraftige einingar som kan handtere dei uønskte brannane som oppstår.

Skal vurdere ordninga

Likevel ser han at det i kommunar med store geografiske område, er nøydd til å eksistere fleire brannstasjonar og fleire tilsette for å låg utrykkingstid.

Difor er han ikkje framand for at det kan kome justeringar i ordninga. For i løpet av første del av 2016 skal Direktoratet for Nødkommunikasjon evaluere ordninga.

– No skal vi ha ein gjennomgang av ordninga, og då får vi sjå på kva utslag den har. Dersom vi finn urimelege utslag så må vi justere, seier statssekretæren.

Vegopning på Bergum i Førde kommune