NRK Meny
Normal

Med marsipan og smilefjes kan ho bli årets interiørbloggar i Norge

Ingen stol er lik i huset til Marthe Holien Bø i Stryn. No kan bloggen om marsipan, smilefjes og interiør bli kåra til den beste i landet.

Marthe Holien Bø

POPULÆR BLOGGAR: Med bloggen Marsipan og smilefjes har Marthe fått sitt interiørparadis ut til mange tusen andre, faste lesarar.

Foto: privat

I eit gamalt gardshus i Stryn har Marthe funne sitt paradis saman med mann og to døtre. Der lever ho livet ho alltid har drøymt om, der kreativiteten og sansen for det gamle som kan sjåast som nytt, står i sentrum.

– Føler meg veldig heldig som får bu i eit gamalt, flott tømmerhus med mykje sjel. Men samstundes med moderne standard og komfort. Her trivst vi., fortel Marthe til NRK.no.

Svært populær blogg

Den vakre heimen er og åstad for det som kanskje blir årets beste interiørblogg i Norge. Marsipan og smilefjes har ho kalla bloggen, som kvar dag blir lese av fleire tusen menneske over heile landet.

– Eg får ein del kommentarar på at eg har eit lett attkjenneleg namn på bloggen. Det er ein referanse til dei to døtrene våre, Mathea og Anna. Då Mathea var lita hadde ho slike tjukke, gode, kvite marsipanlår. Så då blei det marsipanjenta. Anna ho kalte vi for smilefjes, ho smilte veldig tidleg og veldig mykje, fortel Marthe og ler godt.

Marsipan og smilefjes

UNIKE STOLAR: Dei mange gamle stolane i huset i Stryn er ofte eit tema i bloggen til Marthe.

Foto: privat

Alltid hatt ein kreativ trang

Dermed var namnet på bloggen skapt, og sidan 2009 har ho skrive om alt ho har funne både heime og på bruktmarknader. Ikkje minst det å ta gamle ting i bruk på nytt har vore eit sentralt tema.

– Har alltid hatt ein trang til å vere kreativ og til å skape ting. Og eg likar veldig godt å skrive. Då eg kom inn i blogg-verda, merka eg at eg likte veldig godt å få utfalde meg med tekst og bilete. Eg likar å lage ting og vise fram på bloggen, som kanskje kan inspirere folk, seier bloggaren.

Ingen stol er lik

Ho fortel at ho merka at ho blei veldig inspirert av andre som blogga og tenkte kanskje at ho hadde noko å bidra med der.

– Å kome til denne garden var jo då reine gullgruva for meg. Å kunne gå rundt og finne ting som eg kunne bruke i huset gjorde at eg nesten bobla over av inspirasjon. Eg fann til dømes stolane vi no sitter på. Alle er funne her i huset eller låven, eller kjøpt på bruktbutikk. Vi har jo ikkje ein einaste kjøpt stol her i huset, fortel Marthe.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.